Opnar Remetunnelane for trafikk fredag 14. juli
Sidan februar i fjor har det vore arbeid med utbetringar av Remetunnelane mellom Slyngstad og Brattvåg. Dei siste testane er gjennomførte og dei nye og tryggare tunnelane opnar no for trafikk.
- No er vi kome dit at vi kan gjenopne Remetunnelane. Det står att litt mindre arbeid, men dette krev ikkje stenging. Oppgraderingane som er gjort gir eit vesentleg løft for trafikktryggleiken på strekninga, som har vore prioritet nummer ein for dette prosjektet, seier prosjektleiar i fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, Erlend Opstad.
Litt ekstra arbeid – mykje betre tunnelar
Tunnelane har vore stengde i ei lengre periode for å gjere heilt nødvendig oppgraderingsarbeid. Tunnelane har vore rekna som eitt av dei mest utrygge punkta på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal, fordi store køyretøy legg seg inn mot midten av vegen på grunn av låg høgde. Ein sentral del av prosjektet var å senke vegbana i tunnelane, slik at høgda aukar frå 4 til 4,6 meter.
Oppgraderinga av tunnelane består også av ny belysning, skilting, nødstasjonar og fleire andre sikkerheitstiltak. I tillegg er det utbetra vatn- og frostsikring. Eit større behov enn venta vart avdekt under arbeidet, og dette førte til noko lengre stengeperiode. I sum løftar dei oppgraderingane som vart nødvendig også driftstryggleiken i tunnelane.
Sjølv om tunnelane no opnar for trafikk, er det framleis litt arbeid igjen før oppgraderinga er heilt ferdig. Det blir mobildekning i tunnelane, men den siste installasjonen er ikkje heilt klar. En må difor rekne med at ein missar signal inne i tunnelane i ei kortare periode. Entreprenøren og utbyggjar, Møre og Romsdal fylkeskommune, tek no ferie og tek til med dei siste arbeida når vi er tilbake. Tunnelane blir ikkje heilstengd i samband med dei siste arbeida, men trafikantane må rekne med noko venting.
Rosar lokalbefolkninga
Prosjektleiaren har heile vegen hatt fokus på å minimere ulempa for trafikantane. Og han rosar entreprenøren som har jobba utrøytteleg for å opne tunnelane så snart som råd.
-Vi er audmjuke for at prosjektet og stenginga har gitt utfordringar for næringsaktørar og større belastning langs omkøyringsvegen. Vi sett pris på dialogen vi har hatt med ulike aktørar gjennom prosjektperioden og har prøvd å strekkje oss for å redusere belastninga for desse. Eg vil takke alle for tolmoda og innspela. Vi la opp til eit veldig stramt løp for å halde stengeperioden så kort som mogleg, og entreprenør har jobba hardt for å halde dette. Vi sprakk litt på grunn av ekstraarbeid, men vi sit igjen med enda betre tunnelar, seier Opstad.
Normal kollektivtrafikk igjen
Frå måndag 17. juli går rutetabellane for bussane tilbake til slik dei var før tunnelstenginga, med nokre få justeringar. Det blir og ei justering på hurtigbåten mellom Ålesund og Hamnsund. Sjå frammr.no for meir detaljar.
Asfaltarbeid og stikkrenneskift mellom tunnelane og Brattvåg
Frå natt til måndag 16. Juni til natt til torsdag 20. Juni, blir det lagt ny asfalt og skifta tre stikkrenner på strekninga frå tunnelane mot Brattvåg. Dette arbeidet blir gjort mellom 20.00 og 06.00 desse dagane. Det blir redusert framkomme under dette arbeidet, og dette blir skilta. Dette arbeidet er eit resultat av nylege ekstrabevillingar til asfalt i fylket, og er ikkje ein del av Remetunnel-prosjektet.