Privatist

 

Ein privatist betyr at du på eiga hand set deg inn i fagstoffet og melder deg opp til eksamen. Som privatist får du ikkje standpunktkarakter i faget, kun eksamenskarakter.

Privatist-ordninga er meint for deg som: 

  • Manglar fag frå vidaregåande opplæring for å få vitnemål
  • Ønskjer å forbetre karakterar
  • Skal ta fagbrev som praksiskandidat

Les meir om privatistordninga på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Fristar for å melde seg opp til eksamen:

  • For våreksamen: frå og med 15. januar til og med 1. februar
  • For hausteksamen: frå og med 1. september til og med 15. september.

Slik melder du deg opp til eksamen:

  1. Finn riktig fagkode du skal ta eksamen i. Du finn fagkode på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.
  2. Finn fram bankkort/kredittkort
  3. Logg inn på privatistportalen
  4. I portalen legg du inn ønska fag og skole. NB. Dersom du ikkje finn ønska eksamensskole i oversikta, tilbyr ikkje denne skolen dette faget, og du må velge ein annan skole.
  5. Bekreft oppmelding og gå til betaling

Eksamensavgift for 2023:

1 251 kroner per eksamen for
• fag du ikkje har standpunkt eller eksamenskarakter i
• fag du ikkje har bestått (karakter 1) som elev eller privatist

2 503 kroner per eksamen for
• fag du alt har bestått som elev eller privatist, men ønskjer å forbetre

Merk:

  • Du betaler eksamensavgifta når du melder deg opp til eksamen i privatistportalen, så sørg for å ha bankkort eller kredittkort klar.
  • Innbetalt eksamensavgift blir ikkje refundert dersom du trekker deg etter at oppmeldingsfristen er gått ut.
  • Er du lærling og har gyldig lærekontrakt, skal du ikkje betale for avsluttande eksamen. Da må du registrere lærebedrifta sitt org. nummer når du melder deg opp.

Ønsker du melde deg av eksamen, kan du sende e- post til eksamensskolen. Eksamensavgifta blir ikkje refundert etter at oppmeldingsfristen er ute.

Om du er sjuk på eksamensdagen, og leverer legeerklæring til eksamensskolen, har du rett til å gå opp til ny eksamen ved neste eksamensperiode. Oppmelding skjer automatisk, dersom du har levert legeerklæring. Du betaler ikkje ny eksamensavgift.

Tid og stad for eksamen finn du på dine sider i privatistportalen

Merk at datoar for munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen ikkje blir fastsett før fristen for påmelding er ute. Følg med i portalen.

Privatisteksamen blir halde på åtte vidaregåande skolar i Møre og Romsdal. Når du søker opp faget, vil du sjå kva skolar du kan velje mellom. Vi gjer merksam på at fylkeskommunen, i etterkant av oppmeldinga, kan endre eksamenskolen. Da vil du i så fall få beskjed.

Privatistskolar i Møre og Romsdal

Har du spørsmål om oppmelding til eksamen, ta kontakt eksamensskolen du skal melde deg opp ved.

Atlanten videregående skole, ved Lene Hoel
Dalaveien 25, 6501 KRISTIANSUND  Tlf: 71 28 38 00 
E-post: atlanten.vgs@mrfylke.no

Borgund vidaregåande skole, ved Gunn Slemmen
Yrkesskolevegen 20, 6011 ÅLESUND Tlf: 71 28 12 22
E-post: borgund.vgs@mrfylke.no

Ålesund vidaregåande skole, ved Trude Eiksund
Gangstøvikveien 27, 6009 ÅLESUND Tlf: 71 28 15 00
E-post: alesund.vgs@mrfylke.no

Herøy vidaregåande skule, ved Eivind Lillebø
Lisjebøvegen 4, 6090 FOSNAVÅG Tlf: 71 28 18 00
E-post: heroy.vgs@mrfylke.no

Kristiansund videregående skole, ved Rigmor Gujord
St.Hanshaugen, 6514 KRISTIANSUND Tlf: 71 28 40 00
E-post: kristiansund.vgs@mrfylke.no

Molde videregående skole, ved Marit Mordal
Øvre vei 23, 6413 MOLDE Tlf: 71 28 31 00
E-post: molde.vgs@mrfylke.no

Romsdal videregående skole, ved Trond Ljoså
Langmyrveien 83, 6415 MOLDE  Tlf: 71 28 33 00 
E-post: romsdal.vgs@mrfylke.no

Sunndal vidaregåande skole, ved Edel Hoem
Skoleveien 14, 6600 SUNNDALSØRA Tlf: 71 28 43 00 
E-post: sunndal.vgs@mrfylke.no

Dersom du har særskilte behov, vanskar eller funksjonshemmingar som gjer det nødvendig med særskilt tilrettelegging av eksamen, har du krav på det. Særskilt tilrettelegging kan vere:

  • høve til å ta mange pausar
  • tilgang til kvilerom
  • forlenga tid på eksamen
  • få eksamensoppgåva lest opp
  • eige rom
  • mindre rom

Du kan søke om særskilt tilrettelegging i privatistportalen.  

Du må legge legge ved ei sakkunnig uttale i søknaden. Fylkeskommunen avgjer kva ordningar for tilrettelegging som skal brukast. 

Søknadsfrist for særskilt tilrettelegging er

  • 30. september for hausteksamen
  • ​​​​​​15. februar for våreksamen

Du vil få svar i god tid før eksamen om tilrettelegginga er godkjend.

Dersom du har spørsmål om særskilt tilrettelegging av eksamen, ta kontakt med eksamensskolen du har meldt deg opp på.

Dersom du er eller har vore elev ved ein vidaregåande skole i Møre og Romsdal, skal du ta kontakt med skolen for å få kompetansebevis eller vitnemål.

Dersom du har fagbrev og har forbetra karakterar eller tatt påbygg til generell studiekompetanse, send e-post til dokumentasjon@mrfylke.no for å få vitnemål.

Andre tar kontakt med privatistskolen.

Frist for å laste opp dokumentasjon til samordna opptak er 1. juli. Ta derfor kontakt i god tid, dersom du treng vitnemål. Fristar ved søknad til høgare utdanning finn du på samordnaopptak.no

Eksamensresultatet finn du i privatistportalen, under "Mine eksamener". Trykk på faget for å sjå karakteren. 

Når er karakteren klar? 

Karakteren frå munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen får du med ein gong etter eksamen er ferdig.

Karakteren frå skriftleg eksamen får du dagen etter fellessensur, som er: 

  • Hausten 2022: 3. januar 2023
  • Våren 2023: 19. - 21. juni 2023

Du kan logge deg inn og finne resultatet frå 4. januar og 22. juni. Ikkje alle resultat blir lagt ut denne dagen. Resterande fag kjem fortløpande dagane etter fellessensur. 

Frist for å klage er 10 dagar etter at du blei kjend med karakteren, eller burde ha gjort deg kjend med den.

Ved munnleg, munnleg-praktisk, praktisk og skriftleg eksamen, kan du klage på formelle feil som kan ha hatt innverknad på resultatet.

Ta kontakt med eksamensskolen dersom du ønsker å klage på formelle feil.  

Dersom du vil klage på karakteren på skriftleg eksamen, logg deg inn på privatistportalen. Under karakteren vil det kome opp ein klage-knapp. Knappen er synleg i 10 dagar.

Når du trykker på knappen, vil det komme opp ein tekstboks med vilkår for å klage på karakter på skriftlig eksamen. Når du trykker "bekreft," bekrefter du at du har akseptert vilkåra, og klagen blir sendt inn umiddelbart.

NB! Karakteren kan bli sett opp, ned eller forbli uendra. Klagenemndas avgjersle er endeleg og kan ikkje klagast på. 

Har du ikkje mottat svar på klagen før oppmeldingsfristen for ny privatistperiode er ute, må du likevel melde deg opp og betale ny avgift. Får du medhald i klagen, men ikkje lenger vil ta ny eksamen, melder vi deg av og refunderer eksamensavgifta.

 

Dette må du ta med til eksamen:

  • gyldig legitimasjon (pass, nasjonalt ID-kort, førarkort eller bankkort med bilde)
  • datamaskin eller nettbrett med tastatur
  • svart eller blå penn og eventuelt andre skrivesaker
  • hjelpemidlar du skal bruke under eksamen
  • hovudtelefonar/øyrepluggar med ledning

Oppmøte:

Møt opp i god tid og seinast 08.30.

Eksamen startar kl. 09.00. Møter du før kl.10.00, får du gjennomføre eksamen, men du får ikkje kompensert for tapt tid. Møter du etter kl.10.00, får du ikkje gjennomføre eksamen.

Som hovudregel er det ikkje tillate å forlate eksamenslokalet før kl.10.00. Unntak kan gjerast dersom helsesituasjonen tilseier at du bør få dra tidlegare.

Oppstart:

Når du kjem til eksamenslokalet, må du registrere deg hos ei av eksamensvaktene og sette deg på plassen du får tilvist. På pulten din ligg det ein bordlapp med:

  • namnet ditt
  • kandidatnummeret ditt
  • fagkode du skal ta eksamen i
  • dagspassord for bruk av internett

Etter registreringa kan du ikkje forlate plassen din utan samtykke frå eksamensvakta.

Dei hjelpemidlane du har lov til å bruke skal ligge på/ved pulten din under heile eksamen. 

Mobiltelefon og smartklokke skal vere slått av (ikkje på lydlaus eller flymodus) og leggast i sekk eller veske som du må plassere på anvist plass. Det er lov å bruke hovudtelefonar eller øyrepluggar, bortsett frå under del 1 i todelte eksamenar. Det er ikkje lov å kommunisere med andre via internett, mobiltelefon, smartklokke, bluetooth-forbindelse eller liknande.

Når du mottar eksamensoppgåva, må du sjekke at du har fått tildelt riktig oppgåve ved å samanlikne fagkoden på bordlappen og fagkoden på eksamensoppgåva. Om du har mottatt feil fagkode på eksamensoppgåva, kontakt eksamensvakta med ein gong.

Sjekk om eksamensoppgåva inneheld vedlegg som skal svarast på og leverast inn.

Bruk av datamaskin eller nettbrett

Du er sjølv ansvarleg for å kunne bruke datamaskina du har med deg, at den fungerer som den skal, at du har installert programvarene du treng og at du beherskar desse. Du må kunne bruke programma offline, og du må kunne lagre dokument lokalt på datamaskina eller nettbrettet ditt.

Som sikkerheit bør du ha installert fleire ulike nettlesarar i forkant av eksamen slik at du kan velgje ein nettlesar som fungerer til innlogging og til å levere svara dine. Her finn du oversikt over tekniske krav til PC/Mac/nettbrett for bruk ved eksamen

Dersom nettverk og eller server sviktar, og feilen fører til at du ikkje får levert svara dine, må du ta kontakt med eksamensvakta snarast mogleg. 

Nokre læreplanar krev bestemte typar programvare. Sjekk læreplanen. Du må sjølv skaffe programvara og installere den på datamaskina di. 

Eksamen etter læreplanar innført i 2020 (LK20) 

Eksamen etter nye læreplanar er heildigital, og det er ikkje mogleg å levere svara dine på papir. Unntak: matematikk og treningslære 1.

Hjelpemiddel ved skriftleg eksamen

I dei aller fleste faga er alle hjelpemiddel tillatne bortsett frå ope internett og andre verktøy som kan brukas til kommunikasjon.

Du kan lese meir om hjelpemiddel på nettsidene til Utdanningsdirektoratet. 

Her finn du oversikt over felles nasjonale nettressursar som kan brukast ved skriftleg eksamen

NB! Merk at utilgjengelege nettsider eller treg lasting av nettsider ikkje gir grunnlag for å klage på eksamen.

Bruk av kjelder 

Om du bruker kjelder i svara dine, skal dei presenterast med: 

  • forfattar
  • fullstendig tittel på både lærebøker og annan litteratur
  • nettadresse og nedlastingsdato, om du bruker utskrifter eller sitat frå internett

Skriftleg eksamen kan leverast slik:

  • digitalt
  • papir
  • både digitalt og papir

Papirsvar kan berre leverast på papir som du får utlevert. Bruk svart eller blå penn.

Før du leverer inn svara dine må du sjekke at du:

  • har skrive riktig kandidatnummer, fagkode, sidenummer og totalt tal på sider øvst på alle ark
  • ikkje har skrive namnet ditt i svaret
  • har levert vedlegg dersom eksamensoppgåva har dette kravet

Innlevering av svara dine

Det er berre det du produserer under sjølve eksamenstida du kan levere inn. Alt som du produserer digitalt, skal du sjølv levere. Det du har produsert på papir vil skolen skanne og levere digitalt for deg.

Når du er klar for å levere svara dine, så gir du eit teikn til eksamensvakta. Husk at det kan vere mange privatistar i eksamenslokalet, så du må rekne med ventetid. Du er sjølv ansvarleg for at det du leverer er i orden. Ikkje forlat plassen din før du får klarsignal frå eksamensvakta.

Munnleg eksamen er todelt og består av:

  • Førebuingstid: 30 minutt
  • Eksamenstid: inntil 30 minutt

Førebuing

Privatistane trekker tema/problemstilling/oppgåve når førebuinga startar. Trekket skal vere tilfeldig og ikkje bli styrt av eksaminator eller sensor, men same tema/problemstilling/oppgåve kan bli gitt til fleire privatistar på same parti. I førebuingstida skal privatisten opphalde seg i førebuingsrommet.

Hjelpemiddel

Alle hjelpemiddel er tillate i førebuingsdelen, bortsett frå aktivitetar og utstyr som forstyrrar andre kandidatar. Lydlaus kommunikasjon er lov. Privatisten skal ikkje forlate førebuingsrommet i førebuingstida og har sjølv ansvar for å ha med naudsynte hjelpemiddel. Privatisten kan ta med seg stempla notatark frå førebuinga inn til eksaminasjonen.

Eksamen

Eksamen skal gi privatisten moglegheit til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Det er eksaminator som leier eksamineringa. Sensor skal ha ei lyttande rolle og ta notat under eksaminasjonen. Sensor kan også stille spørsmål til privatisten.

5–10 minutt av eksamenstida kan avsettast til eit eventuelt innlegg frå eksamenskandidaten om tema/problemstilling/oppgåve. Resten av tida skal brukast av eksaminator og sensor til fagsamtale med eksamenskandidaten om tema/problemstillinga/oppgåva. Dersom kandidaten ikkje får vist nok breidde i sin fagkompetanse innanfor gitt tema/problemstilling/oppgåve til å bestå eksamen, kan kandidaten også bli eksaminert i andre deler av læreplanen.

Leseliste i fag med munnleg og munnleg-praktisk eksamen

I fag med munnleg og munnleg-praktisk eksamen, bør du levere leseliste for å gi sensorane informasjon om kva du har arbeidd med. Leselista bør til dømes innehalde:

  • Kva for eit prosjekt, særemne eller fordjupingsemne du har arbeidd med der dette er eit krav i læreplana
  • Kva for romanar eller anna tilleggslitteratur du har lese i dei faga der læreplana krev det
  • Kva for øvingar du har gjort i eksperimentelle fag

Det finns ikkje ordningar for godkjenning av leselista. Læreplana i faget blir lagt til grunn for eksaminasjonen. Fristen for å levere leseliste til skolen er 1. april for vår eksamen og 15. oktober for hausteksamen. Det vil ikkje bli purra eller tatt i mot leseliste etter denne fristen. 

Framandspråk det ikkje blir gitt opplæring i

Møre og Romsdal har ikkje tilgang til sensorar i framandspråk med små fagmiljø, derfor må du ta eksamen enten i Oslo eller i Trøndelag. Trøndelag arrangerer eksamen i framandspråk berre ved hausteksamen. Merk at du må betale reisa sjølv. 
For eksamenar som blir avvikla i Oslo, skal du melde deg opp i Møre og Romsdal på vanleg måte.

Finn du ikkje rett eksamenskode i Møre og Romsdal, kan du melde deg opp i Trøndelag. Da må du lage deg ein eigen brukar på www.privatistweb.no. Merk at Trøndelag ikkje sender ut informasjon om eksamensdato og liknande, men informerer om dette i på PrivatistWeb. Du har sjølv ansvaret for å følge med på dette.

Munnleg-praktisk eksamen er todelt og består av:

  • Førebuingstid: 45 minutt 
  • Eksamenstid: inntil 45 minutt

Førebuing

Du trekker tema/problemstilling/oppgåve når førebuinga startar. Trekket skal vere tilfeldig og ikkje styrast av eksaminator eller sensor, men same tema/problemstilling/oppgåve kan bli gitt til fleire privatistar på same parti. 

Hjelpemiddel

Alle hjelpemiddel er tillate i førebuingsdelen, bortsett frå aktivitetar og utstyr som forstyrrar andre kandidatar. Lydlaus kommunikasjon er lov. Privatisten skal ikkje forlate førebuingsrommet i førebuingstida og har sjølv ansvar for å ha med naudsynte hjelpemiddel. Privatisten kan ta med seg stempla notatark frå førebuinga inn til eksaminasjonen.

På den praktiske delen av eksamen er alt relevant utstyr tillat. Under innlegg/presentasjon er notata frå førebuingstida tillate hjelpemiddel. Det er ikkje tillate å bruke internett eller kommunisere med andre under sjølve eksamen.

Leseliste i fag med munnleg og munnleg-praktisk eksamen

I fag med munnleg og munnleg-praktisk eksamen, bør du levere leseliste for å gi sensorane informasjon om kva du har arbeidd med. Leselista bør til dømes innehalde:

  • Kva for eit prosjekt, særemne eller fordjupingsemne du har arbeidd med der dette er eit krav i læreplana
  • Kva for romanar eller anna tilleggslitteratur du har lese i dei faga der læreplana krev det
  • Kva for øvingar du har gjort i eksperimentelle fag

Det finns ikkje ordningar for godkjenning av leselista. Læreplana i faget blir lagt til grunn for eksaminasjonen. Fristen for å levere leseliste til skolen er 1. april for vår eksamen og 15. oktober for hausteksamen. Det vil ikkje bli purra eller tatt i mot leseliste etter denne fristen

Eksamen

Eksamen skal gi privatisten moglegheit til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma. Eksamen skal innehalde eit praktisk innslag.

Det er eksaminator som leier eksamineringa. Sensor skal ha ei lyttande/observerande rolle og ta notat under eksaminasjonen. Sensor kan også stille spørsmål til privatisten.

Inntil 25 minutt av eksamenstida kan settast av til praktisk del eller presentasjon frå eksamenskandidaten om tema/problemstilling/oppgåve. Resten av tida skal eksaminator og sensor bruke til fagsamtale med eksamenskandidaten om tema/problemstillinga/oppgåva. Dersom kandidaten ikkje får vist nok breidde i sin fagkompetanse innanfor gitt tema/problemstilling/oppgåve til å bestå eksamen, kan kandidaten også bli eksaminert i andre delar av læreplanen.

Eksamenstida er inntil fem timar.

Normalt blir praktisk eksamen for privatistar gjennomført utan eigen førebuingsdag. I nokre fag kan det vere ein førebuingsdel same dag som eksamen. Når førebuing og eksamen blir gjennomført same dag, skal desse ikkje overstige fem timar totalt.

Hjelpemiddel

Alle hjelpemiddel er tillate i førebuingstida.

Ved kort førebuingsdel på sjølve eksamensdagen, kan PC/Mac med ope internett brukast.

Det er lov å ta med notat frå førebuinga inn til eksamen.

Privatistar kan også ha med seg annan type arbeid eller produkt frå førebuinga inn til eksamen.

Eksamen

Eksamen skal gi privatisten moglegheit til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Ein tverrfagleg eksamen på vg2 og vg3 yrkesfag skal prøve kompetansemål frå alle dei felles programfaga i den aktuelle læreplanen. Eksamensoppgåva kan eventuelt ha tyngdepunkt i eitt programfag og vere lausare tilknytt andre fag. Eksamen kan vere retta mot eit lærefag innanfor aktuelt programområde.

Gjennomføringa kan variere i ulike fag/programområde og kan innehalde ulike kombinasjonar av praktisk, skriftlege og munnleg arbeid.

Det er ein eksaminator som leier eksamineringa. Sensor skal ha ei lyttande rolle og ta notat under eksaminasjonen. Sensor kan også stille spørsmål til privatisten. Dersom kandidaten ikkje får vist nok breidde i sin fagkompetanse innanfor gitt tema/problemstilling/oppgåve til å bestå eksamen, kan kandidaten også bli eksaminert i andre deler av læreplanen

 

Snarvegar

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.