Held du på med noko spennande som du treng økonomisk støtte til? Ungdomspanelet i Møre og Romsdal delar kvart år ut kroner 250 000 til ungdomsaktivitetar rundt om i fylket.
Tilskotet blir gitt til prosjekt som bidrar til ungdomsengasjement og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen.
Søk på konkret utstyr og/eller reelle utgifter. Ungdomspanelet støttar ikkje generelle driftsutgifter.
Ungdom
1. april og 1. desember
Skriv kortfatta og enkelt. Hugs å legge ved ei økonomisk oversikt (budsjett) slik at ungdomspanelet ser korleis midlane er tenkt brukt. Søknadskjemaet blir lagt ut ca 1 mnd før søknadsfristen.
Vi gjer merksam på at alle søknader som blir sendt inn blir rekna som offentlege dokument, og vil bli lagt ut på postlista til fylkeskommunen.
Når du sender inn søknad får ei kvittering på e-post. Om du ikkje finn kvittering, ta kontakt med rådgivar som er oppført nede på sida her. Vi anbefalar at dokument som lastast opp er i pdf-format og at nettlesaren Internet Explorer ikkje brukast.
Hugs å sende inn budsjett/kostnadsoverslag, dette er eit kriterium for å få godkjend søknad.