Tilskot frå marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond

Skriv ut

Fondet skal brukast til å finansiere tiltak/prosjekt som skal styrke marint kunnskapsgrunnlag, interkommunale sjøarealplanar og tiltak for å fremje villaksinteressene i Møre og Romsdal. 

Søknadsfrist: 1. september 2021

Innretning og bruk av fondet

Fondet skal brukast i tråd med satsingar knytt til marin sektor slik dette til ei kvar tid går fram av økonomiplan og forskings- og innovasjonsstrategi for næringslivet i Møre og Romsdal.

Dette er temaområde som kan få støtte i 2021: 

•    Styrke marint kunnskapsgrunnlag, og styrke arealplanlegging i kystsona gjennom interkommunale planar.
•    Tiltak for å hjelpe villaksen og fremje god sameksistens mellom havbruk og villaks. 

Søkarar og prosjekt må ha forankring og aktivitet i Møre og Romsdal.

Økonomiske rammer og søknadsprosedyre:

Midlane som blir lyst vert forvalta etter gjeldande regelverk for tilskotsforvaltning i fylkeskommunen.

Krav til søknaden: 
•    Søknaden skal fremjast elektronisk via www.regionalforvaltning.no 
•    Tiltak som føreset løyve frå grunneigar eller myndigheiter som t.d. NVE og kommune skal ligge vedlagt søknaden

Kven kan søke:

Kommunar, bedrifter og næringsnettverk, interesseorganisasjonar, utdannings- og forskingsinstitusjonar.

Kontaktpersonar: 

Spørsmål om utlysinga: Lisbeth Nervik 
Spørsmål om registrering av søknad på www.regionalforvaltning.no: Kim Tornes 

Snarvegar

Kontakt