Gjennom tilskot til tekniske og industrielle kulturminne skal vesentlege delar av Noregs tekniske og industrielle historie bli bevart. Det er eit mål å auke kunnskapen om mangfaldet av tekniske og industrielle anlegg, som grunnlag for forsking, formidling, oppleving, bruk og mogleg ny bruk. Tilskota blir løyvd frå statsbudsjettet for 2021, kapittel 1429 post 72.
Private, kommunale og fylkeskommunale eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne. Sektorprinsippet ligg til grunn, og det skal ikkje gis tilskot til kulturminne i statleg eige.
Tilskot til drift, kommunale avgifter og museal verksemd samt vedlikehald av bilar og større verktøy vert ikkje prioritert.
Utvalde fokusområde:
Det er ikkje eit krav om at bygg og anlegg har eit formelt vern etter kulturminnelova eller plan- og bygningslova, sjølv om objekt som kjem innanfor denne kategorien vil bli prioritert ved fordeling av tilskot.
1. november
Du søker støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på sakshandsaminga.
Søknaden må innehalde:
Du kan òg gjerne sende ved referanse frå prosjektleiar og utførande handverkar frå liknande oppdrag og teikningsmateriale om ønskjeleg.
Vilkår for tilskot: