Formål:
Formålet med stipendet er å gi deg moglegheit til å fordjupe deg i fagfeltet ditt, heve den faglege kompetansen gjennom kurs eller etter- og vidareutdanning. Og ta dette med deg tilbake i arbeidet og bidra til å heve kvaliteten på Møre og Romsdal som opplevingsfylke.
Kva kan du bruke stipendet til?
- Studiekostnad til etterutdanning
- Deltakarkostnad for å vidareutvikle deg som fagutøvar
- Kursavgift for å få nødvendig tilleggskompetanse
- Deltakarutgifter til wokshop/kurs osv.
- Reise- og oppholdskostnader ved studietur (legg ved program)
- Anna fagleg fordjuping
Du kan søke om stipend på inntil 30 000 kroner.
Kven kan søke?
- Kokkar og servitørar mellom 19 og 25 år
- Du må minimum ha fagbrev frå restaurant- og matfag
- Du må bo og arbeide i Møre og Romsdal på søketidspunktet
Søknadsfrist:
13. desember 2020
Korleis søker du:
- Fyll ut alle felt i søknadsskjemaet under, les også hjelpeteksten
- Du må legge ved anbefaling frå arbeidsgivaren din
Dette vil vi legge vekt på når vi vurderer søknaden din:
- Din eigen motivasjon
- I kva grad du greier å synleggjere at tiltaket du søker om har verdi for deg som fagperson
- Arbeidsgivaren din sitt behov, ønske og interesse for di eiga utvikling
Behandling av søknaden:
Søknaden blir behandla av ein komité som består av medlemmar frå delprosjektgruppe Kompetanse i prosjektet "Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal".
Behandlingstida er ca tre veker etter at søknadsfristen er gått ut.
Dersom du får stipend, må du gjennomføre tiltaka i perioden januar 2021 - juni 2021