Kjenner du nokon som fortener Miljøprisen? Du kan sende inn forslag frå og med hausten 2021
Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut Miljøprisen for særleg verdfullt arbeid innafor områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.
Prisen kan delast ut til personar, skoleklassar, organisasjonar, institusjonar, bedrifter, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for miljøarbeidet i fylket.
Prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Miljøprisen blir delt ut under fylkestinget i desember.
Meld inn ditt forslag til kandidat her. Gi ei kort grunngjeving for kvifor du meiner kandidaten bør få prisen. Prisen blir lyst ut neste gong hausten 2021.
2019: Ulrik Sandøy Sørensen
2018: Sødahlhuset AS
2017: Plastfritt Giske
2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS
2015: Stranda Prolog AS
2014: Naturvernforbundet
2013: Standal knuseverk AS
2012: Alv Ottar Folkestad
2011: Norsøk
2010: Olav Bye
2009: Runde miljøsenter