Kvart år kårar vi årets lærebedrift i Møre og Romsdal.
Opplæringskontor, lærlingar og andre relevante aktørar med grunnlag/fagleg bakgrunn for å nominere kan sende inn forslag. Juryen vil foreta ei totalvurdering av dei nominerte bedriftene og prisen gis til ei bedrift som har utmerka seg i sitt arbeid med lærlingar.
Kriteria som skal ligge til grunn for tildeling av prisen er:
- Bedrifta er godkjent lærebedrift i Møre og Romsdal og har lærling eller lærekandidat.
- Bedrifta har ei positiv utvikling i talet på lærekontraktar eller stabil høg lærlingtettheit over tid.
- Bedrifta legg til rette for eit godt læring- og arbeidsmiljø.
- Bedrifta har høg gjennomføringsgrad for lærlingar og lærekandidatar og få hevingar.
- Bedrifta kvalitetssikrar læreforholdet gjennom dokumentasjon.
Møre og Romsdal fylkeskommune og Yrkesopplæringsnemnda vurderer forslaga som kjem inn og kårar ein vinnar.