EU-prosjekt skal bidra til at Møre og Romsdal blir ein sirkulær region
Som den einaste fylkeskommunen i landet, har Møre og Romsdal blitt valt ut som deltakar i EU-prosjektet «Circular Cities and Regions Initiative» (CCRI). - Dette skal hjelpe oss å bli eit meir sirkulært samfunn; til å bruke ressursane våre lengst mogleg, reparere, bruke om igjen og dele.
- Og det er viktig for å nå måla våre for Berekraftfylket Møre og Romsdal, seier Kristin Hansen, prosjektleiar for Berekraftfylket Møre og Romsdal, som nyleg har deltatt på oppstartmøtet i Brussel.
- I første omgang handlar det om å auke kunnskapen om korleis vi blir eit meir sirkulært samfunn og knytte kontaktar med regionar og byar på tvers av Europa. Med eit større nettverk og kunnskap om kva tilskotsordningar som finst, blir vi kjent med aktuelle samarbeidspartnarar og betre rusta til å søke på EU-midlar til prosjekt og tiltak, seier Hansen.
Sirkulære innkjøp
Fylkeskommunen kjem til å bruke deltakinga i CCRI blant anna for å styrke arbeidet med sirkulære innkjøp i Møre og Romsdal, og kommunane, som er ein del av Berekraftfylket Møre og Romsdal, er allereie blitt utfordra til å gjere innkjøp som bygger på sirkulære prinsipp.
Mindre forbruk
- Å bygge opp ein meir sirkulær økonomi og gjere sirkulære innkjøp er sentralt om vi skal nå ambisjonane våre. Her har vi eit stort potensial, påpeiker Hansen.
Noreg er berre 2,4 prosent sirkulært, og mest sannsynleg er snittet likt for Møre og Romsdal.
- Det betyr at 97,6 prosentane av ressursane som går inn i økonomien vår ikkje er del av sirkulære kretsløp og dermed ikkje blir utnytta fullt ut. Sirkulær ressursbruk bidrar til mindre forbruk og behov for materiale og lågare klimagassutslepp. I tillegg gir overgangen til ein meir sirkulær økonomi stort potensial for nye arbeidsplassar og næringsutvikling lokalt og regionalt, seier Hansen.
Nettverk av europeiske byar og regionar
CCRI har deltakar frå over 30 byar, regionar og klynge, nokre er pilotar, andre er føljeaktørar (fellows). Møre og Romsdal deltar som føljeaktør. Målet er at ein gjennom fellesskap, kunnskapsdeling, og ei rekke aktivitetar, støtter og får fart på overgangen til ein sirkulær økonomi på tvers av europeiske byar og regionar.
Les meir på nettsida til prosjektet.
Sirkulær økonomi: 'I en sirkulær økonomi må produktene vare så lenge som mulig, repareres, oppgraderes og i større grad brukes om igjen. Når produktene ikke kan brukes om igjen, kan avfallet materialgjenvinnes og brukes som råvarer i ny produksjon. Slik utnytter vi de samme ressursene flere ganger og minst mulig går tapt'. (kjelde: Miljødirektoratet)
Sirkulære innkjøp: velje god kvalitet for å forlenge levetid, og spørre etter produkt eller materiale som gjer det enkelt å reparere, redesigne og bruke dei om att. Det kan også dreie seg om å endre kva vi eigentleg spør etter - at vi går frå å kjøpe produkt til å kjøpe teneste eller leie og lease.