Alle dei offentlege tannklinikkane i fylket er opna for pasientbehandling, men dei kan med kort varsel bli stengde i samband med lokale smitteutbrot. Tilrådingane frå Helsedirektoratet inneber at tilbodet om akuttbehandling av personar som er smitta, eller mistenkt smitta av koronaviruset blir administrert av fire beredskapsklinikkar i fylket.
Antatt friske pasientar skal behandlast under basalt smittevern, samt med forsterka smittevernråd (FHI) for å redusere risiko for smitteoverføring av covid-19. Dei vanlege basale smittevernrutinane inneber bruk av kirurgisk munnbind type 2 eller 2R, visir eller beskyttelsesbriller. Dei forsterka smittevernråda er:
Alle dei offentlege klinikkane har sidan veke 20 vore opna, men framleis gjeld at ingen pasientar eller følgepersonar skal møte opp på klinikken utan avtale på førehand. Har pasienten forkjølingssymptom og/eller feber skal tannbehandling utsettast. Hovudregelen er at behandlinga blir utsett til pasienten er frisk. Pasientar kan berre ha følgje av ein person, som også må klarerast med tanke på smittestatus.
I forkant av undersøking og behandling må smittestatusen vurderast, og pasientane skal så langt det er praktisk mogleg bli ringt opp dagen før timeavtalen. For kartlegging av smittestatus før besøk på tannklinikken skal Helsedirektoratets skjema «Kartlegging av smittestatus før besøk på tannklinikken» nyttast.
Oversikt over dei offentlege tannklinikkane er tilgjengeleg her
Det akutte behandlingstilbodet til smitta pasientar som er administrert av fire beredskapsklinikkar, vil gjelde for heile befolkninga i tråd med helsedirektoratet si anmodning og inntil noko anna er bestemt. Dette behandlingstilbodet omfattar behandlling som ikkje kan utsettast p.g.a. fare for liv og helse. Behandlingstilbodet er ikkje meint å erstatte privat tannhelseteneste. Friske, ikkje smitta pasientar, som treng akuttbehandling må henvende seg til sin faste tannklinikk.
Desse fire beredskapsklinikkane administrerer behandlinga av smitta pasientar:
• Ålesund kompetanseklinikk, tlf. 71 28 48 00
• St. Carolus kompetanseklinikk Molde, tlf. 71 28 46 20
• Distriktstannklinikken Kristiansund, tlf. 71 28 45 00
• Distriktstannklinikken Ørsta, tlf. 71 28 49 70
Den offentlege tannhelsetenesta legg til grunn helsedirektoratet sine oppdaterte faglege tilrådingar for all tannbehandling:
Helsedirektoratets faglege anbefalingar til tannhelsetenesta
Sjå også: