Endra krav i forbindelse med gjennomføring av fag- og sveineprøve og læretid
Kunnskapsdepartementet har fastsatt unntak frå krava til gjennomføring av fag- og sveineprøver, slik at så mange som mogleg kan gjennomføre fag- og sveineprøver denne våren.
Endringane inneber at det er mogleg å avkorte læretida våren 2020. Kravet i § 3-48 i forskrift til opplæringslova om å gjennomføre læretida for å få dokumentasjon, gjeld ikkje for kandidatar som har bestått prøva. Det gjeld heller ikkje for dei som har vore permittert eller oppsagt i mindre enn tre månader, og som etter lærebedrifta si vurdering har føresetnad for å gjennomføre prøva.
Kandidaten må gi skriftleg samtykke til å gjennomføre prøva på eit tidlegare tidspunkt i læretida enn tre månader før utløp av læretida.
I tillegg kan prøvenemnda avgjere om fleire enn eitt medlem i prøvenemnda skal vere fysisk til stade ved start og slutt av prøva. Denne dispensasjonen gjeld ut 2020.
Avklaringar i forbindelse med eksamen i særskilte lærefag
Dersom det er eit krav i læreplanen at eksamen avleggjast før fag- eller sveineprøve, må lærlingen framleis ta eksamen.
Desse lærefaga skal ha eksamen på Vg3-nivå:
Elektriker
Energimontør
Energioperatør
Heismontør
Signalmontør
Telekommunikasjonsmontør
Dataelektroniker
Automatikar
Anleggsmaskinmekanikar
Børsemakar (utdanningsprogram for design og handverk)
Maritim elektriker
I tillegg gjeld det særløpsfaga (1+3) som er beskrive i gjeldande tilbudsstruktur, til dømes. gravørfaget.
Du kan lese meir på Utdanningsdirektoratet sine nettsider
I nokre bransjar og fag er det ikkje mogeleg eller forsvarleg å gjennomføre fag- og sveineprøver, medan det i fleire fag kan vere mogeleg å gjennomføre prøvene.
Møre og Romsdal fylkeskommune opnar for å gjennomføre fag- og sveineprøver, der det er mogeleg i samsvar med nasjonale retningsliner om smittevern og dersom lærebedrift/prøvestasjon er i ordinær drift.
Det kan oppstå enkeltsaker der det er usikkerheit grunna nasjonale retningsliner om smittevern. Det er difor utarbeida nokre felles føringar.
Vurderinga er lagt fram for LO og NHO i Møre og Romsdal som sluttar seg til gjeldande føringar:
Møre og Romsdal fylkeskommune følgjer dei nasjonale føringane og vil oppdatere dersom det kjem endringar knytt til nasjonale føringar om smittevern.
Lærebedriftene melder inn til Møre og Romsdal fylkeskommune dersom det er lærlingar/lærekandidatar som blir permittert, eller sjukmeldt over ein periode på meir enn to veker. Vi legger inn avbrot i lære/opplæringskontrakten.
Alle samlingar i regi av seksjon opplæring i bedrift blir avlyst i same periode.
Du kan kontakte seksjon opplæring i bedrift på telefon og e-post.
Vi anbefaler at du held deg oppdatert på Utdanningsdirektoratet si informasjonsside om Koronaviruset