Vestlandsrådet møtte departement for å diskutere Brexit
Denne veka møtte Vestlandsrådet representantar frå Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og Utanriksdepartementet (UD) for å påpeike og drøfte viktige utfordringar for Vestlandsfylka som følgje av Brexit.
Ein viktig del av møtet var også å etablere god kontakt mellom departementa og Vestlandsrådet i dei vidare forhandlingane.
Kva betyr Brexit for Vestlandet?
–I møtet med dei to departementa diskuterte vi fleire tema som har betydning for næringslivet på Vestlandet, seier Tove-Lise Torve. Følgande hovudtema vart gjennomgått og drøfta:
- Fortgang i forhandlingane om avtale om tenesteeksport
- Status forhandlingane om fiskerettigheiter
- Eksport av sjømat til Storbritannia
- Ønske om kompensasjonsordning og omstillingsmidlar for bedrifter som blir særleg hardt ramma av Brexit
Desse deltok i møtet
Møtet vart halde etter initiativ frå Vestlandsrådet. Frå departementa møtte mellom andre statssekretærane Lucie Katrine Sunde-Eidem (næring), Trine Danielsen, (fiskeri), Audun Halvorsen (UD) og Ove Christian Owe, forhandlingsleiar for frihandelsavtalen med Storbritannia, Handelspolitisk avdeling i NFD.
Frå Vestlandsrådet møtte arbeidsutvalet, som består av dei tre fylkesordførarane Tove-Lise Torve (Møre og Romsdal), Jon Askeland (Vestland) og Marianne Chesak (Rogaland). I tillegg møtte representantar frå administrasjonane.
Kontaktpersonar:
Tove-Lise Torve, fylkesordførar i Møre og Romsdal - 94 16 51 75
Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland - 47 45 97 20
Marianne Chesak, fylkesordførar i Rogaland - 905 69 001