Vedtok uttale om drivstoffprisar

Eit enstemmig fylkesting vedtok onsdag ein uttale om drivstoffprisar.

Skriv ut

Uttale, som blei fremma av Frank Sve (Frp)  blir sendt til regjeringa ved statsminister Jonas Gahr Støre. 

 

Drivstoffprisane er ikkje bærekraftige!

Uttale drivstoffprisane som kritisk rammevilkår for transport, bygg og anleggsbransjen, fiskeri og kystbåtnæringa.

" Det er ikkje økonomisk bærekraftig for næringane i verdiskapingsfylke Møre og Romsdal med dagens skyhøge drivstoffprisar"

Dagens drivstoffprisar har auka med 49% det siste året, og dette rammar spesielt næringslivet i eit stort eksportfylke som Møre og Romsdal. Verdiskapinga her i fylket er heilt avhengig av transportnæringa, både på lands og til vanns. NLF viser til at transportbransjen ligg nede med brten rygg, og drivarane har problem med å kunne ta inn den ekstreme kostnadsauken med bakgrunn i bindingar i ulike kontrakter.

MEF (Maskinentreprenørenes forbund) er også kraftig ramma av dei same utfordringane ang den galopperende drivstoffpris auken, og bransjen har frå før lave marginar. Bransjen varslar at ein no ikkje tjener penger, og at situasjonen er dramatisk. 

Fiskeri og kystfrakteflåten (short sea) varslar og om ein svært utfordrande situasjon med dei skyhøge drivstoffprisane, som rammar næringa hardt. Felles for alle næringane er at ein ikkje klarer å ta inn drivstoffprisauken med vidarefakturering i ein ellers stram marknad.

Det politiske uttalte målet om meir gods over på kjøl for å redusere utslepp blir sterkt skadelidande og målet blir ein utopi med dagens drivstoffprisar.

Staten tar inn svært store ekstrainntekter på grunn av den aukande drivstoffprisen. Store delar av drivstoffprisen er offentlege avgifter, og medan staten blir rikare svekkes næringslivet brutalt og arbeidsplassar setjast i fare.

" det blir frå regjeringa vist til fare for inflasjon, skyhøge og aukande drivstoffprisar tvingar næringane til å auke prisane ut i marknaden kraftig, som medfører i praksis ein kraftig inflasjonsdrivende effekt"

Møre og Romsdal fylkeskommune krev at regjeringa setter ned drivstoffavgiftene så raskt som råd og at regjeringa bidreg der ein kan for å holde i sjakk drivstoffprisane her i landet.

- tida for regjeringa for å følge situasjonen tett, grundig og nøye er forbi, no er det tid for handling!"

Kontakt