Ungdomspanelet har fordelt ungdomsmidlane

Det blir gitt støtte til ni ulike tiltak, og det er alt frå basketskole, padlekurs, PC- utstyr og hengekøyer. Tiltaka er fordelt over heile fylket.

Skriv ut

Det totale søknadsbeløpet for første tildeling 2021 var på over 1 million kroner fordelt på 31 søknader.  Av desse var det altså  ni prosjekt som fekk midlar.

–Det var mykje god diskusjon rundt søknadane. Den store variasjonen gjorde det ikke lett å velje ut kven som skulle få midlar denne gongen. Til slutt klarte vi å bli einige om å prioritere flotte tiltak som støtte til mellom anna sikkerheitsutstyr for riding og trial, og innkjøp utstyr til LAN/live-sendingar og gaming, seier Joakim Myklebost Tangen, medlem i ungdomspanelet.

Desse fekk støtte: 

SøkarKommuneTiltakBeløp
Molde BasketklubbMoldeGratis basketskole for ungdommar 13- 18 år25 000
Volda rideklubbVoldaHindermateriale og ridehjelmar10 000
Røsslyngen 4HSurnadalHengekøyer og stormkjøkken15 000
Smøla ungdomsrådSmølaPC-utstyr25 000
Crew Stella MarisVestnesBildemiksar, kamera og media mod14 800
Averøy ungdomsrådAverøyBreibandsruter og switch til LAN6 000
Hornindal fritidsklubbVoldaPadlekurs for barn og unge10 000
Ingrid Marie LarsenVestnesSikkerheitsutstyr til aktivitetstilbod3 200
Volda og Ørsta TrialklubbVolda/ØrstaSikkerheitskurs til trial16 000
SUM:  125 000

 

Kontaktpersonar: