Tek nye grep for å styrke utviklings- og innovasjonsmiljøet

Kristiansundaren Elin Kanck Lorentzen får ei sentral rolle med å vidareutvikle eit sterkt utviklings- og innovasjonsmiljø ved fylkeskommunen sitt kontorfellesskap i Fosnagata i Kristiansund.

Skriv ut

Talet på tilsette ved Fosnagata 13 i Kristiansund har sidan etableringa for eit år sidan auka frå 40 til 55, og om ikkje lenge vil det vere 70 fylkeskommunale arbeidsplassar under same tak. Nyleg underteikna Møre og Romsdal fylkeskommune ein avtale med FG Eiendom om å leige ytterlegare 300 m2 i det same bygget.

Samarbeid og samskaping

Fagmiljøet i Kristiansund skal no sette samarbeid og samskaping på agendaen, noko også andre miljø i fylkeskommunen skal dra nytte av:

- Det vil alltid ved nyetableringar vere utfordrande å utvikle ein felles kultur, og å finne den optimale arbeidsforma, og frå første dag klare å utnytte maksimalt den kompetansen som dei tilsette har. No har vi som mål å jobbe saman for å styrke det tverrfaglig samarbeidet internt, og finne gode måtar å samarbeide med eksterne aktørar. Vi ønsker at dei nye arbeidsformene som blir utvikla skal gi synergiar og ha overføringsverdi inn mot andre miljø i fylkeskommunen, seier organisasjonssjef Dag Lervik i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Skal styrke utviklingsmiljøet

Elin Kanck Lorentzen vil få ei sentral rolle som prosessleiar for arbeidet med å samordne og styrke det tverrfaglege utviklingsmiljøet i Kristiansund. Arbeidet skal ho gjere i tett samarbeid med prosjektleiaren for Campus Kristiansund, Roland Mauseth, og organisasjonssjef Dag Lervik.

- Vi har på eit år rigga oss til i F13 med til saman 55 tilsette, og vi skal i løpet av eit par år vere 70 personar frå fylkeskommunen som skal inn på Campus Kristiansund. Jobben vi no skal i gang med vil gjere det enda meir attraktivt og spennande å arbeide i Kristiansund, seier Kanck Lorentzen.

Kontakt