Status etter brannen i Haramsfjordtunnelen

Møre og Romsdal fylkeskommune og Skanska har vore på synfaring i Haramsfjordtunnelen i dag i samband med at politiet ønskjer å få bilen som brann fredag ut av tunnelen for å gjere undersøkingar.

Skriv ut

- Først må vi planlegge korleis vi skal få bilen ut på ein måte som er trygg for dei som skal gjere denne jobben. Vi må ha ein gjennomgang av elektroinstallasjonane og ventilasjonen, bruke vatn for å binde støvpartiklar og demontere kvelvet over bilen før vi kan få han ut. Så må vi undersøke tunnelen grundig for å finne ut kor store skadar det er og kva konsekvensar det får. Tryggleiken til dei som jobbar i tunnelen vil heile tida vere det som avgjer framdrifta, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune. 


Haramsfjordtunnelen var ferdig sprengt frå Austnes og det var under arbeid med vatn- og frostsikring av tunnelen det byrja å brenne fredag 8. januar. Hendinga blir fylgt opp i høve retningslinjene for helse, miljø og sikkerheit til Møre og Romsdal fylkeskommune og Skanska og det er sett i gang intern gransking.