Skal rekruttere nye leiarar
I løpet av hausten skal fylkeskommunen rekruttere ny samferdselsdirektør, juridisk sjef og bygg- og eigedomssjef. Stillingane har søknadsfrist 22. og 31. august, og rekrutteringsprosessen skjer med støtte frå eit rekrutteringsbyrå.
Dei tre stillingane er alle ein del av leiargruppa til fylkeskommunedirektøren, og har viktige roller i arbeidet med å utvikle organisasjonen og tenestene som fylkeskommunen leverer.
Fylkeskommunen har inngått ein avtale med rekrutteringsbyrået Jefferson Wells, som skal bistå i rekrutteringsprosessen. Det er fylkeskommunedirektøren som har ansvar for tilsettingane.
Her er ein kort presentasjon av dei tre utlyste stillingane:
Samferdselsdirektør
I denne stillinga vil du har det overordna ansvaret for å utvikle, bygge ut og drifte fylkesvegar, kollektivtransport og tilrettelagt transport. Du vil vere ein pådrivar for å tilby framtidsretta, trygge, pålitelege og miljøvennlege samferdselsløysingar som trengst for innbyggarane i Møre og Romsdal. Samferdselsområdet har om lag 188 tilsette. Les meir og søk på stillinga som samferdselsdirektør på finn.no
Juridisk sjef
Har ansvar for å leie, drifte og utvikle stab for juridiske og administrative tenester, med om lag 28 tilsette. Staben gir juridisk støtte til fag- og tenesteområda, og bidrar til at fylkeskommunen når måla sine. Les meir og søk på stillinga som juridisk sjef via finn.no
Bygg- og eigedomssjef
Denne stillinga er leiar for bygg- og eigedomsavdelinga med om lag 62 tilsette. Bygg- og eigedomssjefen har det overordna ansvaret for å iverksette eigedomsstrategien og utviklingsplanar, samt å leie og utvikle bygg- og eigedomstenestene på ein effektiv og berekraftig måte. Du kan lese meir om stillinga som bygg- og eigedomssjef på finn.no
Fleire nye leiarar
I desember begynte Toril Hovdenak i jobben som fylkeskommunedirektør etter Ottar Brage Guttelvik, medan Tone Nord frå 1. august er ny fylkestannlege etter Anthony Valen.