Prisane fell
KPI (konsumprisindeksen) steig 5,4 prosent frå juli 2022 til juli 2023. Dette er 1,0 prosentpoeng lågare enn 12-månedersveksten som blei målt i juni. Det er prisane på mat og straum som bidrar mest til nedgangen, opplyser SSB.
- Matvareprisane hadde ein historisk høg månadsendring frå juni til juli i fjor. Vi har ikkje målt ein tilsvarande høg vekst i prisane frå juni til juli i år. Dette gjer at veksen over 12 månader for prisane på matvarer fell i juli, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.
Same effekt er det for prisen på straum. Prisane på bensin og diesel har også falle med høvesvis 15,2 og 21 prosent. Prisane for elektrisitet inkludert nettleige var 4,3 prosent lågare i juli samanlikna med same månad i fjor.
Juli i år var den første månaden sidan straumstøtteordninga blei innført der ingen av prisområda i landet er delt inn i hadde høg nok pris til å kvalifisere for straumstøtte.
Til tross for nedgangen siste månad, er prisveksten framleis på eit høgt nivå. I ein historisk samanheng er prisvekst på 5,4 prosent svært høgt og ligg langt over inflasjonsmålet på to prosent i Noregs Bank.
Kjerneinflasjonen (utan energiprisar og endringar i avgifter) landa på 6,4 prosent i juli. Den er no heilt på linje med Noregs Bank sin prognose. Det kan ha betydning for at renteauken flatar ut.
I neste veke er det rentemøte i Noregs Bank.