Nye BIO-reglar vektlegg grøn omstilling og smart teknologi
Kultur-, næring og folkehelseutvalet har vedtatt nye kriterium for BIO-ordninga. Regelendringa skal hjelpe fleire bedrifter til ei grøn omstilling og auka bruk av smart teknologi/digitalisering.
Eit einstemmig kultur-, næring og folkehelseutval vedtok nyleg å endre tildelingskriteria for tildeling av tilskot til bedriftsintern opplæring (BIO). Inntil nyleg skulle midla brukast til «intern opplæring i samband med ei omstilling bedrifta vil gjennomføre for å unngå utstøyting frå arbeidslivet – altså å unngå permitteringar eller oppseiing av tilsette.»
Ordninga vart mykje brukt av bedriftene i pandemiåra 2020 og 2021, men ettersom det meste av næringslivet no går godt, har antal søknader det siste året blitt kraftig redusert. Mange bedrifter signaliserer likevel behov for støtte til opplæring for omstilling – enten det er for å bidra til den grøne omstillinga, eller anna. BIO-ordninga er det einaste verkemiddelet Møre og Romsdal fylkeskommune har der enkeltbedrifter kan søke om støtte.
Dei nye kriteria skal vektlegge grøn omstilling og berekraftfylket sine satsingsområde retta mot næringslivet. Og sidan midlane blir gitt til enkeltbedrifter eller samanslutningar av slike, meiner fylkeskommunedirektøren at satsinga kan bidra til at fleire bedrifter og prosjekt kan nå måla for Skaparkraft-satsinga.
Med nye kriterium forventar fylkeskommunen fleire søknader og meir konkurranse om midlane. Fylkeskommunedirektøren vil difor kunngjere med søknadsfrist to gongar per år.
- Skaparkraft er Møre og Romsdal fylkeskommune sitt tiårige program for å styrke eksportnæringane og stimulere til utvikling av nye næringar, i eit regionalt samarbeid mellom offentlege aktørar, næringslivet og verkemiddelapparatet i Møre og Romsdal.
- Formålet med Skaparkraft er å styrke eksportnæringane i fylket og stimulere til utvikling av nye næringar gjennom ei satsing på grøne industrielle løft, smart teknologi, fornybar energi og kompetanse i og for næringslivet.