No blir baugvisira montert
Komande veke, frå måndag 18. september, blir det montert baugvisir på MF Norangsfjord.
MF Norangsfjord trafikkerer strekninga Aukra-Hollingsholmen, og det har med denne ferja vore eit problem ved litt bølgar på fjorden at sjøvatn sprutar inn på dekk der køyretøya står. Baugvisira skal hindre sjøsprøyt.
Måndag 18. september skal MF Norangsfjord på verkstad for å få baugvisira montert, og opphaldet på verkstaden vil vare i to veker (veke 38 og 39).
Mens MF Norangsfjord er på verkstad, skal MF Eira trafikkere Aukra-Hollingsholmen. MF Eira (100 personbileiningar) har litt lågare kapasitet enn MF Norangsfjord (120 personbileiningar).
- Vi ber trafikkantane vere merksame på at MF Eira ikkje har same kapasitet. Og etter at det vart gratis også for køyretøya, har trafikken tatt seg opp på sambandet. Det betyr at på dei mest trafikkerte tidspunkta, kan vi risikere at bilar blir ståande att, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar drift i FRAM.