Næringstrafikken har passert 2019-nivå på fylkesvegferjene

Fylkesvegferjene frakta fleire køyretøy over 6 meter første halvår i år enn dei gjorde i same periode i normalåret 2019.

Skriv ut

228 497 køyretøy over 6 meter nytta fylkesvegsambanda første halvår i år. Det er ei auke på 4,2 prosent samanlikna med same periode i 2019. Totalt frakta ferjene 1,88 millionar køyretøy og 3,15 millionar passasjerar første halvår 2021.

Talet på køyretøy totalt første halvår 2021 ligg 11,5 prosent under 2019-nivå. Talet på passasjerar er 18,8 prosent lågare enn i 2019.

Næringslivet går godt

- Køyretøy over 6 meter er ein god peikepinn på utviklinga for næringslivet i Møre og Romsdal. På mange av sambanda våre har vi til dels stor auke i lange køyretøy. Både i Aukra-Hollingsholmen og Edøya-Sandvika er auken over 15 prosent første halvår samanlikna med same periode i 2019, seier fungerande avdelingssjef for FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig.

Positiv utvikling i personreiser

Sjølv om det var 13,3 prosent færre køyretøy under 6 meter på fylkesvegferjene første halvår i 2021 samanlikna med same periode i 2019, er utviklinga det siste året positiv.

- Om vi samanliknar med første halvår i 2020 ser vi ein auke i køyretøy under 6 meter på 6,9 prosent. Likevel var det om lag 240 000 færre køyretøy på fylkesvegferjene første halvår i år enn det var same periode for to år sidan. Den negative trenden har snudd, men vi er spente på kva som blir den nye normalen for personreiser etter pandemien, seier Wiig.

Færre passasjerar

Fylkesvegferjene hadde 728 207 færre passasjerar første halvår enn første halvår 2019. Men også her er utviklinga positiv. Samanlikna med første halvår 2020 er om lag 240 000 passasjerar tilbake på ferjene. 

Eitt ferjesamband skil seg ut med eit vedvarande lågt passasjertal samanlikna med 2019. Talet på passasjerar i sambandet Eidsdal-Linge er nær halvert og endringane frå 2020 er små.

- Dette er eit spesielt samband der vi tradisjonelt har hatt mange passasjerar pr. køyretøy. Det kjem av at det vanlegvis er eit høgt tal på turistbussar som besøker Geiranger, også i vårmånadane. Det er over 100 000 færre passasjerar i sambandet første halvår i år, samanlikna med 2019, fortel Jesper Wiig.

Trafikkstatistikk for fylkesvegferjene i Møre og Romsdal. 
 

Snarvegar

Kontakt