Med blikk på assimileringa av taterane i Svanviken og tankar om kva dette gjer med oss i dag

Med eit skarpt skråblikk på samfunnet og omverda, hjelper dei oss til å sjå det vi truleg ikkje har tenkt over eingong, frå det kvardagsleg, det vesle, til det eksistensielle, dei store spørsmåla. Og så uttrykker dei seg på eit språk som ikkje alle av oss er fortrulege med. Korleis er livet som samtidskunstnar på heiltid?

Skriv ut

Språket hennar er det visuelle, det vi ser. Akkurat no arbeider ho med problemstillinga rundt Svanviken, og assimileringa av taterane her frå 1908 til ut på 1970-talet. Men ho løftar også blikket til vår eiga samtid, og hjelper oss med å sjå og forstå korleis assimilering og mildare former for krav om tilpassing pregar samfunnet i dag. Tankane er mykje dei same, men formene kravet frå både det offentlege og frå folk flest til kvarande har tatt, gjer at vi knapt legg merke til det – vi tar det for gitt.

For eit djupare innsyn, set av rundt tjue minutt til videoreportasjen vår: 

Kor fri får vi vere?

Og det er her kunstnarar, som Liv Dysthe Sønderland, hjelper oss til refleksjon rundt dette evig-aktuelle temaet. Ho aksepterer at vi som menneske i eit samfunn må tilpasse oss, men kor mykje? Kva er rammene for personleg fridom? Og når vert krava utanfrå til overgrep? Kunstnaren kan fri seg litt frå søknadsskriving eit halvt års tid framover og fordjupe seg i atelieret på Sjøholt, takka vere eit arbeidsstipend frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Det første eg gjorde, var å lage ein serie med store figurar, i full størrelse, der det går frå farge til grått, som ein illustrasjon på prosessen med å bryte ned fargen i eit menneske. Eit bilete på det å ikkje få vere individuell, ikkje få behalde kulturen sin, og ikkje få behalde eigenarten, fortel ho. Liv meiner at historia om Svanviken er eit godt utgangspunkt for å fordjupe seg i korleis vi tillét individualitet i dag, og refleksjon over kvar vi set grensene for kor eigenarta ein får vere som menneske i skolen, i psykiatrien, på arbeidsplassane.

Omriss av Svanviken-hus i Slottsparken?

- Då eg fekk førespurnad frå Kube og Tove Lande, hadde eg aldri høyrt om Svanviken, og veldig lite om assimileringspolitikken overfor taterane, eller Romani-folket, som dei også vert kalla. Dette gjeld også for samane og andre minoritetar. Det gjekk opp for meg kor ukjent historia er. Veldig få som har høyrt om det, og Svanviken ligg jo i vårt eige fylke, på Eide, veldig nær oss. Når eg las om den, skjønte eg at dette er noko som må formidlast, ikkje minst fordi ein kan ikkje få til forsoning om ikkje samfunnet veit kva som har hendt.

Om ho får løyve frå Slottet, vil ho bruke Slottsparken som arena for å teikne opp omrisset av eit av desse husa frå arbeidskolonien i Svanviken, som eit symbol på politikken. Dette er planlagt under Haustutstillinga, som ein performance.

Ideen er større enn arbeida

- Eg tenker at kunsten si rolle i samfunnet har jo til alle tider kanskje vore noko med å sjå samfunnet og omgivnadane på ein litt annan måte enn kva ein gjer i kvardagslivet. Sjølv den gongen då kunstnarar berre arbeidde med maleri, så var det jo gjerne at kunstnarane hjelpte folk til å sjå eit spesielt lys eller ein dramatikk i naturen, eller eit eller anna litt eksistensielt. Og så tenker eg at i dag er kunsten si rolle den same, berre at no dreier det seg ofte om å sjå samfunnet rundt seg.

Samtidskunstnarar arbeider gjerne konseptuelt. Det vil seie at det ligg eit prosjekt til grunn for arbeida som vert vist, og at tankane som kunstverka utløyser rommar meir enn sjølve verket. I det postmoderne samfunnet er også tolkinga i stor grad overlate til publikum, til deg og meg.

- Når det er noko eg har lyst til å seie noko om, ligg det ofte research i botnen. Eg må rett og slett at sette meg inn i kva dette dreier seg om. Eg er veldig opptatt av at det visuelle, og at arbeida mine skal ha ei øyeblikkeleg slagkraft. Min måte å tenke på er at eg vil først gripe deg visuelt, vekke interesse gjennom noko vakkert eller spennande, og så håper eg at eg kan dra deg inn i ein refleksjon etter kvart, seier Liv.

Arbeider med farge og form som språk

Som kunstnar arbeider ho mykje med monotypi, ein trykketeknikk der det berre blir eitt avtrykk av kvart bilete. Ho set av farge på ei koparplate, teiknar ut eit motiv, legg eit papir over motivet, og rullar trykkpressa over.  - Eg likar uttrykket som oppstår ved at ein pressar fargen gjennom. Det blir eit veldig tynt lag på papiret. No har eg jo dette prosjektet kor eg har lagar 1500 små figurar som representerer alle dei barneheimsbarna som blei tatt frå taterforeldra og satt på barneheim. Så kan publikum sjå kor mange det dreier seg om. Det er mykje vonde skjebnar og mange øydelagde liv, seier ho.

Som kunstnar i dag handlar det mykje om å kommunisere med samfunnet. Dette språket er noko Liv måtte tilpasse seg. Ho utdanna seg i tida der ein la størst vekt på handtverket og estetiske kvalitetar i kunstutdanninga, medan kunstlivet no krev ein heilt annan refleksjon om ein skal få stipend og anna finansiering, eller utstillingsplass.

Eit slit å skaffe finansiering

- Dette yrket er  det vanskeleg å leve av økonomisk sett. Det gjer at ein må ta mange jobbar ved sidan av, og vi kunstnarar må også stadig vekk søke om finansiering og utstillingsplass. Søknadsskriving tar mykje av tida vår. Kvifor kunne vi ikkje få meir stabil finansiering? Eg tenker jo at kunsten er  lønsamt for eit samfunn. Spør vi nokon om kjenneteiknet på den norske kulturarven, er jo kunstnariske uttrykk ein veldig stor del av det som skaper identitet for eit land og for eit samfunn, avsluttar Liv Dysthe Sønderland.

Har du ikkje sett videoen enno? Set av rundt tjue minutt!

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.