Krev stans i vindkraftutbygginga på Haramsøya

-No må olje- og energiminister Tina Bru (H) ta ansvar og stanse vindkraftutbygginga på Haramsøya fram til saka kjem i rettsapparatet, og departementet har følgt opp vedtaket frå Stortinget før sommaren med å gjennomgå konsesjonsvilkåra, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap).

Skriv ut

Eit samrøystes fylkesutval og fylkesting i Møre og Romsdal har kravd stans i utbygginga av vindkraftanlegget fram til organisasjonen Nei til vindkraftverk på Haramsøya har fått avklart saka i rettssystemet. Organisasjonen leverte 24. august krav om midlertidig forføyning til Sunnmøre tingrett. 10. september var det rettsmøte, og saka kjem opp i løpet av hausten.

- Stortinget sitt samrøystes vedtak rett før sommarferien var krystallklart, sier Torve.

- Gamle vindkraftkonsesjonar skal gjennomgåast for å sjå om dei er i tråd med forvaltningslova og energilova. Nei til vindkraftverk på Haramsøya har i sommar sendt brev til departementet der dei viser til fleire saksbehandlingsfeil. Det skal derfor vere enkelt for statsråden og departementet å gjennomgå saka på Haramsøya, slik Stortinget har kravd, fortset fylkesordføreren.

- Naturinngrepa frå utbygginga på Haramsøya er i gang, og det er svært uheldig at utbygginga fortset så lenge saka både skal gjennomgåast av departementet og i rettssystemet. Statsråden må derfor vise handling gjennom å stanse utbygginga til saka er grundig vurdert av departementet og prøvd i rettssystemet. Dette må gjerast nå slik at naturen blir skjerma og folket på Haramsøya blir høyrt. Noko anna vil ikkje bli forstått og akseptert, avsluttar Torve, som altså har sendt brev til regjeringa.   

Kontakt