Klar til skolestart?
Måndag 21. august er første skoledag for rundt 10.000 elevar i vidaregåande skole. Her finn du nyttig informasjon til oppstarten.
Når skal du møte opp første skoledag?
Informasjon om klokkeslett og kvar du skal møte opp første skoledag finn du på skolen si nettside.
Her er oversikt over dei vidaregåande skolane.
Takk ja til plass i VIGO og møt opp første dag
Er du ikkje til stades når skolen startar opp, kan plassen din gå til ein elev frå ventelista. Er du sjuk eller har ein annan viktig grunn til at du ikkje kan møte opp, må du gi beskjed til skolen – i så god tid som mogleg.
Er det framleis mogleg å kome inn der du vil?
Har du ikkje fått plass på den skolen eller det utdanningsprogrammet du søkte på gjennom VIGO og står på fylkeskommunen si venteliste etter inntaket, må du vente til du eventuelt får beskjed om at du får plass likevel.
Du kan også sette deg opp på venteliste på skolen du ønsker dersom du enno ikkje har fått tilbod om skoleplass. Det står meir informasjon om dette på skolane sine nettsider.
Her er lenke til alle vgs. i fylket.
PC til skolestart
Alle elevar som startar i vidaregåande opplæring treng ein berbar datamaskin som er god nok for skolebruk. Du kan kjøpe eigen PC eller du kan kjøpe elev-PC gjennom fylkeskommunen, gjennom PC-ordninga. Då får du ein PC med 3 års garanti og uhellsforsikring, og du betalar eigendel éin gong i året, i tre år. Etter det er PC-en din.
Visma InSchool
Vi brukar Visma InSchool (VIS) som skoleadministrativt system. Visma InSchool vil vere ein stor del av skolekvardagen din. Du vil sjå viktig informasjon som timeplan, klassen, kontakt- og faglærarar, fråvær, merknader og karakterar i VIS. Du kan også levere digitale søknader og gjennomføre fagval i VIS.
Elevar får meir informasjon om VIS ved skolestart.
Fråvær
Du skal melde fråvær i Visma InSchool. Er du sjuk før skolen startar, må du kontakte skolen direkte.
Skoleskyss
Som elev i vidaregåande skole kan du ha rett til fri skoleskyss til og frå skolen. Søk om skoleskyss når du takkar ja til skoleplassen. Du må søke om skoleskyss kvart år. Har du allereie eit skoleskysskort, blir dette aktivert når ny søknad er godkjent.
Les meir om skoleskyss og korleis du søker.
Gratis lærebøker
Du får låne dei lærebøkene du treng i forbindelse med opplæringa. Bøkene blir utlevert ved skolestart og skal leverast inn igjen før skoleslutt. Du skal behandle bøkene pent, og må erstatte bøker som blir borte eller øydelagt.
Her finn du reglement for lån av skolebøker.
Lån og stipend
Som elev i vidaregåande skole kan du søke lån og stipend i Statens lånekasse for utdanning. Dei fleste får berre utstyrsstipend, men nokre får også bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend. Hugs å søke om utstyrsstipend innan fristen 15. november.
Les meir om lån og stipend på Lånekassen.no
Skoleferiar og fridagar
Når er det haustferie og vinterferie – og påskeferie?
Rådgivarar og helsesjukepleiar på skolen
Treng du nokon å snakke med om utfordringar i skolekvardagen? Skolen har fleire typar rådgivarar som kan hjelpe deg. Meir informasjon finn du på skolen si nettside.
Orden og anna reglement
Har du spørsmål om ordensreglementet i vidaregåande skole?
Les om kva reglement som gjeld for deg som elev
Forsikringar
Du som elev er forsikra gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune sin forsikringsavtale med KLP. Forsikringa gjeld personskade, og gjeld også lærlingar og lærekandidatar.