Karrieredagane: 10. klassingar får hjelp til å finne ut kva dei skal bli
I september og oktober blir det arrangert karrieredagar i heile fylket, der avgangselevane får bli betre kjent med næringslivet og utdanningstilbodet i regionen sin. I Molde opna Brunvoll produksjonshallen for ungdomane.
I Molde gjekk arrangementet av stabelen 6. og 7. september, i og utanfor lokala til Brunvoll AS, der den ordinære produksjonen gjekk for fullt.
- Her fekk nær tusen ungdommane klatre i stillas, sitte i dumpers, prøve seg på hjarte-lunge-redning, teste VR-briller, montere og maskinere. Elevane fekk altså både sjå og erfare kva yrke som finns i bedriftene, og kva arbeidsoppgåver som skjuler seg bak yrkestitlane, seier Rose Mari Skarset, rådgivar seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Karrieredagane er eit av fleire tiltak for å hjelpe 10. klassingane til å ta eit av dei viktigaste vala i livet; utdanningsretning og yrkesval. Elevane får møte fleire hundre bedrifter, opplæringskontor og skolar på postar og stands.
Eit mål er å gi elevane eit realistisk og levande bilete av kva moglegheiter og karrierevegar som finst i fylket.
- Det gjer vi ved å vise dei mangfaldet som er i næringslivet både i privat og offentleg sektor, seier Skarset.
Ho meiner også at det er viktig å motivere elevane til å ta det rette valet av vidaregåande opplæring.
- Sjansane til å lukkast er best når elevane er motiverte og ser kva veg dei kan gå etter ungdomsskolen.
Spleiselag
Karrieredagane er eit samarbeid mellom arbeidsliv, kommunar og organisasjonar. I Molde var Brunvoll vertskap for arrangementet, og Molde Næringsforum prosjektansvarleg, på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune.
• Brunvoll
• VARD Langstein
• Glamox:
• HD Hyundai Infracore Norway AS
• Omya Hustadmarmor
• OK Bilfag
• Linjebygg Altrad
• Bussbygg
• MIFO
• Fagskolen MR
• OK Transport
• OK Elektro
• OK Elektro
• OTEK teknologifag
• Høgskolen i Molde
• OKAB MR
• Maritim OK/TEK
• Marint Kompetansesenter
• SalMar senter
• Byggopp Møre og Romsdal
Seinare i september og oktober står desse plassane for tur:
12. september: Surnadal, skoleområdet Surnadal vgs.
13. september: Kristiansund, Braatthallen
27.-28. september: Ørsta, Ørstahallen
4. oktober: Ålesund, Sparebanken Møre Arena
I tillegg til å arrangere Karrieredagane, tilbyr fylkeskommunen også hospitering i vidaregåande skole og har utarbeidd eit arbeidshefte som skal hjelpe elevane å velje vidaregåande opplæring.