Gjennomslag i Haramsfjordtunnelen

Oddbjørn Vatne var vikarierande sprengingsbas og fekk æra av å fyre av salva som sørga for gjennomslag i Haramsfjordtunnelen på Nordøyvegen.

Skriv ut

Han har vore ordførar i Haram kommune, leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune og er ein av mange som har jobba for å realisere Nordøyvegen.

Omfattande innreiingsarbeid

Haramsfjordtunnelen mellom Hestøya og Austnes er 3500 meter lang og den kortaste av dei tre undersjøiske tunnelane på Nordøyvegen. Sjølv om det no er gjennomslag i tunnelen er det eit omfattande innreiingsarbeid som står igjen før tunnelen er klar for opning.

- Vi skal bygge veg gjennom heile tunnelen og sikre han mot vatn og frost. Elektroinstallasjonane er også omfattande. Veldig mykje av arbeidet vi skal gjere framover vil ikkje syns når tunnelen opnar for trafikk, men er avgjerande for at trafikantane skal få en moderne, tørr, lys og trygg tunnel, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Rivingsarbeid etter brann

900 meter inn i Haramsfjordtunnelen frå Austnes blir det jobba med riving etter brannen i ein sprøyterigg 8. januar. Først når all rivinga er ferdig og tunnelen er vaska kan kartlegginga av skadane starte. Parallelt med arbeidet i tunnelen blir hendinga granska av Møre og Romsdal fylkeskommune og Skanska. Politiet gjer også undersøkingar av sprøyteriggen som brann.

- Det er enno for tidleg å seie kva konsekvensar brannen får for framdrifta. Det viktigaste er at oppryddinga skjer trygt for dei som jobbar i tunnelen og at vi finn ut kva som skjedde slik at vi kan unngå at det skjer igjen. I prosjektet elles blir det jobba for fullt med god framdrift, fortel prosjektleiaren. 
 

Kontakt