Fylkespolitiske møte blir gjennomført som digitale fjernmøte

På grunn av smitteverntiltaka vil politiske møte bli gjennomført som digitale fjernmøte framover.  

Skriv ut

Med bakgrunn i at regjeringa i all hovudsak har bestemt å vidareføre gjeldande smitteverntiltak, blir fylkesutvalet og andre fylkespolitiske møte planlagt gjennomført digitalt.

Møta blir streama slik at både publikum og media kan følge den politiske behandlinga direkte på fylkeskommunen sine nettsider. Følg møta her. 

Sjå møtekalender og sakspapir til komande møte. 

Kontakt