Forsterkar freda bruer i Geiranger
Møre og Romsdal fylkeskommune skal i gang med forsterking av Gjerdebrua og Kopebrua, to av i alt fire 140 år gamle steinkvelvsbruer på fylkesveg 63 i Geiranger.
Bruene er frå 1880 og er dei eldste bruene med biltrafikk i Møre og Romsdal. Bruene er freda, så handverket og historia må takast vare på, samtidig som dei skal bli forsterka for framtida.
Graving for hand
Forsterkinga av Gjerdebrua og Kopebrua inneber mellom anna handgraving slik at steinkvelvet ikkje blir skada. Desse bruene skal forsterkast frå innsida med betong for å tole framtidig trafikk.
– Begge bruene vart på 60-talet utvida i bredda med ei bruplate i betong ved sida av steinkvelvet. På Gjerdebrua skal dette skiftast ut med ny prefabrikkert bruplate i betong. Platebrudelen på Kopebrua er i betre stand enn på Gjerdebrua og blir ikkje skifta ut. Her skal det støypast ny kantdragar med nytt rekkverk, seier Jostein Wengstad, byggeleiar i fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Trafikklys
Entreprenøren jobbar på ei side om gongen og bruene får då berre eitt køyrefelt i prosjektperioden. Trafikken vert difor regulert med trafikklys.
– Det er viktig at trafikantane held farta nede og tek omsyn til dei som arbeider på bruene, seier Wengstad.
Sterkare rekkverk
Bruene fekk utvida bredde for cirka 60 år sidan inkludert nytt rekkverk etter datidas krav. Det nye rekkverket som blir montert har 2023-standard, tilpassa dagens køyretøy og trafikkmengd.
Startar i september
Forsterkinga startar for begge bruene cirka 1. september 2023 og skal vere ferdig til den vinterstengte vegen mellom Geiranger og Langvatn opnar i mai 2024.