Foreslår å seie nei til grunnrenteskatt for havbruksnæringa

Fylkeskommunedirektøren foreslår at Møre og Romsdal fylkeskommune seier nei til forslaget om grunnrenteskatt for havbruksnæringa i Noreg.

Skriv ut

Det går fram av framlegget til saka om høyringssvar, som skal behandlast i kultur-, næring- og folkehelseutvalet torsdag 24. november.

Finansdepartementet sende den 28. september på høyring eit forslag om å innføre grunnrenteskatt på havbruk. Grunnrenteskatten er knytt til matfiskproduksjon av laks, aure og regnbogeaure i sjø, og skal ha verknad frå og med inntektsåret 2023.

- Det må vere ei heilskapleg vurdering av det totale avgiftsgrunnlaget i havbruksnæringa, og grunnrenteskatten må sjåast i samanheng med andre skattar som næringa betaler, seier konstituert fylkeskommunedirektør Gunn Randi Seime. 

Innstillinga til fylkeskommunedirektøren er i seks punkt:

  1. Møre og Romsdal fylkeskommune går imot innføring av grunnrenteskatt for havbruksnæringa i Norge slik den ligg føre, og meiner det bør utførast ei konsekvensutgreiing som vurderer det totale skattetrykket for havbruksnæringa, ei trinnvis tilnærming til grunnrenteskatten, og konsekvensane eit høgare skattetrykk på havbruksnæringa som primærnæring vil få på sekundærnæringar.
  2. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner ein større del av skatten frå havbruksnæringa bør gå direkte til vertskommunane og -fylkeskommunane, slik at det blir meir attraktivt å legge til rette for havbruksnæringa og at verdiane i stor grad kjem tilbake til dei områda der dei blir skapt.
  3. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner det er uheldig at grunnrenta tek utgangspunkt i ein periode med ekstraordinær lønsemd samanlikna med tidlegare år.
  4. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at faktisk pris bør ligge til grunn for fastsetting av grunnrenta for laks, aure og regnbogeaure.
  5. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at botnfrådraget på både 4 000 og 5 000 tonn er alt for lite, og meiner dette må aukast vesentleg for å oppnå målet om å skjerme dei minste oppdretterane frå grunnrenteskatten.
  6. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at det må vere mogleg å trekke frå faktiske kostnader knytt til investeringar i andre deler av verdikjeda,

Etter vedtak i kultur-, næring- og folkehelseutvalet skal saka vidare til fylkesutvalet for endeleg vedtak 28. november.

Snarvegar

Kontakt