Endeleg kunne Aas Mek. motta prisen Årets Bedrift

Den tradisjonsrike Vestnesbedrifta Aas Mek. Verksted AS fekk i vår fylkesprisen Årets Bedrift. I dag kunne fylkespolitikarane Marit Nerås Krogsæter og Per Vidar Kjølmoen overrekke prisen. 

Skriv ut

Kvart år deler fylkeskommunen heider og ære til ei bedrift som på ein eller fleire måtar har utmerka seg. På vårparten i år vedtok kultur, næring og folkehelseutvalet å gi prisen til Aas Mek. Verksted. 

"Verftsindustrien er ein internasjonal bransje, kor mange båtar blir bygd på utanlandske hender til låg pris. Det er derfor imponerande at ein lokal båtbyggjar blir valt som ein sentral leverandør til dei som er alle fremst innan sitt felt», heiter det mellom anna i grunngjevinga.

Aas Mek. har fulle ordrebøker i tre år framover, og alt er nybygg av brønnbåtar. 

Prisen blir vanlegvis delt ut på fylkestinget i april, men på grunn av koronasituasjonen har dette blitt utsatt. Men i dag, 20. november, kunne politikarane endeleg overrekke prisen til ein glad Aas. 

 

Kontakt