Ekstremvêret «Hans» kan gje stengde vegar i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune varslar at det kan bli aktuelt å stengje fylkesvegar på kort varsel måndag 7. august og tysdag 8. august.
Dei mest ekstreme nedbørsmengdene er venta å treffe store delar av Sør-Noreg, men også i Møre og Romsdal er det varsla om store mengder regn dei neste døgna. NVE åtvarar om overfløymingar, erosjon og jord- og flaumskred.
Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen fortel at fylkeskommunen er i beredskap og følgjer situasjonen nøye:
– Vi har mange folk ute som inspiserer viktig infrastruktur på utsette fylkesvegar, og som gjer laupande vurderingar omkring stenging av vegar, seier han og fortset:
– Vi veit at det skal komme store mengder nedbør, men ikkje nøyaktig kvar det treff. Det er vårt ansvar at det er trygt å ferdes på fylkesvegnettet, og det inneberer også å stengje ein veg så snart vi meiner det ikkje er trygt å køyre der.
Vegtrafikksentralen
Tønnesen oppmodar alle trafikantar om å halde seg oppdatert og følje med på informasjon frå Vegtrafikksentralen.
– Hos VTS finn du oppdatert informasjon om stengingar og hendingar på vegnettet, slik at du kan gjere gode vurderingar av kvar og når du bør køyre, seier han.
VTS har oversikt over opne og stengde vegar på www.175.no, på X (tidlegare Twitter); @VTSost og på telefonnummer 175.
Redusert framkomme
Fylkesvegsjefen åtvarar også om at det kan vere redusert framkomme sjølv om ein veg er open.
– Det kan vere lokale forhold som gjer at framkomme på vegen er redusert, så køyr forsiktig, og ver merksam på omgjevnadane dine, oppmodar han.