Egil Ruud er ny rektor ved Sunndal vidaregåande skole

Ruud har vore konstituert i stillinga som rektor frå hausten 2019. 

Skriv ut

Egil Ruud har takka ja til stillinga som rektor ved Sunndal vidaregåande skole. 

- Eg trivst godt som rektor og er svært glad for å ha fått jobben. Det er spennande å samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer. Eg jobbar for at alle tilsette ved skolen skal dra i same retning slik at elevane kan utvikle seg både personleg og fagleg, fortel Ruud. 

Ruud har vore tilsett i forskjellege leiarstillingar ved skolen sidan 1987, og frå 2001 har han hatt stillinga som assisterande rektor. 

- Sunndal vidaregåande skole skal vere ein skole for alle der læring og trivsel for elevane blir sett i sentrum. Skolen skal legge til rette for at kvar enkelt elev får oppleve meistring som gir sjølvtillit og motivasjon til vidare læring. Vi må utvikle robuste ungdommar som forstår at dei er gode nok slik dei er. 

- Vi skal fortsette det gode samarbeidet med kommunen og lokalt næringsliv slik at skolen også i framtida kan utdanne ungdom til den kompetansen som regionen treng, seier Ruud. 

Egil Ruud har lærarutdanning med faga pedagogikk, historie og nordisk i fagkretsen. 

Kontakt