Dobbelt så mange søkte ungdomsmidlar: - Det er et stort behov for møteplassar for barn og unge
Leiaren i Ungdomspanelet, Niels Adon Leenders, trur doblinga i talet på søkarar til ungdomsmidlar er eit uttrykk for eit tydeleg ønske frå ungdomar i Møre og Romsdal.
Stranda folkebibliotek, Geiranger Ungdomsklubb, Hustadvika Speidergruppe og Vanylven ungdomsråd er blant dei fekk støtte i denne søknadsrunden.
Kvart år deler ungdomspanelet ut 250.000 kroner til utstyr eller aktivitetar for ungdom kvart år, fordelt på to søknadsrundar. I desember fekk ungdomspanelet inn 51 søknadar om midlar, noko som er ei dobling frå april.
- Det er svært mange søkarar i år. Kva grunnen er kan vere vanskeleg å seie, men det viser i alle fall det vi allereie veit: at det er et stort behov for møteplassar og aktivitetar for barn og unge, og at frivilligheita, kommunane og andre bør få litt ekstra hjelp for å kunne tilby dette, seier Niels Adon Leenders, leiar i ungdomspanelet.
Midlane er fordelt slik:
Søkar | Aktivitet | Bevilga: |
Stranda folkebibliotek | Innkjøp av symaskinar og utstyr for gjennomføring av kurs i redesign for barn og unge (12-18 år) | 20 960 |
Sæbø Dampskipsekspedisjon | Lågterskel møteplassar | 20 000 |
Valfaget innsats for andre 9. trinn ved Ørsta ungdo | Utstyrsmidlar til ulike aktivitetar kvart år framover | 18 038 |
Hareid kommune | Innkjøp til fritids/ungdomsklubb | 15 000 |
Geiranger Ungdomsklubb | Søknad Ungdomsmidlane - Geiranger Ungdomsklubb | 10 000 |
HUSTADVIKA EIDE SPEIDERGRUPPE | Rekruttere flere barn med særskilte behov | 6 000 |
Gjemnes kommune | Innkjøp av ny tv til ungdomsklubben i kommunen | 7 002 |
Herøy ungdomsråd | Felles opplæringsdag for ungdomsråda frå Sjustjerna + Sula | 12 000 |
Sula Ungdomsråd | Dekning av reiseutgifter til Fosnavåg i forbindelse med samlinga Sjustjerna. | 5 500 |
Vanylven ungdomsråd | Søknad om midlar til transport til fellessamling | 5 000 |
Sande kommune MR | Reiseeutlegg for leige av buss til samla ungdomsrådsdag med alle i Sjustjerna og Sula | 3 000 |
Hareid kommune | Dekt reise i forbindelse med samling for ungdomsråda på søre Sunnmøre, Sjustjerna | 2 500 |
Sum: | 125 000 |
Ny sjanse
- Det har vore mange gode søknadar denne gangen også, og det har vore tøffe diskusjonar og prioriteringar i behandlinga før vi kom fram til kven som skulle få midlar. Spesielt sunnmøringane har skrive mange søknadar, so vi håper vi får fleire søknadar frå Romsdal og Nordmøre i april. Vi ser fram til å sjå korleis ungdomsmidlane blir brukt i fylket, og håper at dei som ikkje fekk tildelingar denne gangen prøver på nytt neste gang, seier Leenders.
Skal bidra til engasjement
Ungdomsmidlane går til prosjekt som bidrar til engasjement og aktivitetar blant ungdom. For å få støtte, må prosjekta kunne samle ungdom, vere ope for alle og gi positive effektar over tid. Det går an å søke om både støtte til utstyr og til arrangement.
Ungdomspanelet er arbeidsutvalet til ungdommens fylkesting. Fordeling av ungdomsmidlane er ei av sakene dei behandlar.
Kontaktpersonar for ungdomspanelet:
Niels Adon Leenders, leiar, telefon 465 31 978