Bli med på Jakta på den attraktive staden
Den 13. og 14. juni arrangerer vi by- og tettstadseminar for alle som ønsker å jobbe for at byen eller tettstaden sin skal bli meir attraktiv. Sett av datoen!
Kva & kven:
Det er Program for berekraftig by- og tettstadutvikling i Møre og Romsdal fylkeskommune som arrangerer og inviterer kommunar, næringsliv og andre som er interessert i, eller jobbar med by- og tettstadutvikling, til Kristiansund den 13.-14. juni.
Vi spør – og saman svarar vi på:
- Kva skal til for at ein by eller tettstad blir attraktiv?
- Speler byens attraktivitet ei rolle for regionens attraktivitet og omdøme?
- Kva er samanhengen mellom næringsutvikling og byutvikling?
Vi får besøk av blant andre:
Ellen De Vibe, arkitekt/urbanist og tidlegare byplansjef i Oslo
Alexandria Algard, juryleiar Attraktiv By, Statens pris for by- og stedsutvikling
Morten Sandberg, fagsjef i handelsorganisasjonen Virke
Ulrik Eriksen, skribent og forfattar av «Et land på fire hjul»
Trondheim kommune
Time kommune, som var nominert til Attraktiv By i 2022
Det blir foredrag, påfyll, samtalar & mingling!
By- og tettstadseminaret er eit fysisk seminar der vi ønsker å kome saman og lære, dele og bli inspirert. Praten i pausane er også viktig.
På kvelden blir det live podcast av Karoline Birkeli-Gauss, som står bak podkastserien «Våre Steder». Det vil bli ein dialog og eit djupdykk ned i konkrete problemstillingar i by- og stadsutvikling.