Bli med på Campuskonferansen 2023
Campuskonferansen 2023 går av stabelen 5. september i Kulturfabrikken i Kristiansund. Vi gler oss til å gi ein status på prosjektet, eit innblikk i livet på campus og siste nytt om vegen vidare. Kva gjer vi frem mot opninga i 2024 – og kva for brikker må på plass for å skape eit etterlengta kunnskapsmiljø for regionen?
Om eit år opnar vi dørene på Campus Kristiansund! Det har gått seks år sidan kongstanken vart tenkt, og sidan den gongen har Campus-prosjektet opplevd ein eventyrleg vekst. Bak oss har vi ei fantastisk reise og no står vi framom den siste innspurten.
Under Campuskonferansen 2023 gir vi deg ein status på Campusutviklinga og fortel siste nytt om planane framover.
Vi tar deg med inn i livet på Campus og fortel om aktørane og fasilitetane som til saman skal utgjere eit felles miljø for forsking, innovasjon og utdanning. Kven er vi? Korleis skal vi samarbeide – og kva skal det resultere i?
Til sist tar vi for oss vegen mot opninga i 2024. Korleis skaper vi det kunnskapsmiljøet som regionen treng – og samhandling og samarbeid i praksis? Korleis riggar vi oss for opning og avspark i 2024? Og, kva for brikker må på plass for å sikre byen, regionen og Campus Kristiansund vidare vekst?
Hald av den 5. september! Vi gler oss til å møte deg på Campuskonferansen 2023!
Du melder deg på årets konferanse her: Påmelding til Campuskonferansen 2023 (google.com)