Arkeologar frå Møre og Romsdal til Grønland på jakt etter gamle fangstminne

Arkeolog Kristoffer Dahle har fått eit oppdrag utanom det vanlege. Han skal bidra til meir kunnskap om korleis både norrøn befolkning og inuittar har levd og overlevd i det barske arktiske klimaet på Grønland.

Skriv ut

I august drar han på eit 14 dagars feltarbeid på sydspissen av Grønland, i verdsarvområdet Kujataa, der både europearar og inuittar har busett seg gjennom tidene.

- Det er gjort så lite på dette feltet på Grønland at vi i prinsippet startar heilt på bar bakke. Det er svært spennande, seier Dahle, arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune, som drar til Grønland i lag med Morten Ramstad frå Åndalsnes, seksjonssjef ved Universitetsmuseet i Bergen.

Oppdraget er eit ledd i «Activating Arctic Heritage», eit forskingsprosjekt i regi av Danmarks og Grønlands Nasjonalmuseum som skal gi ny innsikt i korleis små samfunn har overlevd i fleire årtusen i arktiske forhold.

Eirik Raude sitt land

Teamet til Dahle og Ramstad skal undersøke fjellområdet som ligg ovanfor det som i gammal tid vart kalla Austerbygd. Det var her Eirik Raude etablerte den første norrøne busetnaden seint på 900-talet, på garden Brattahlid.

-  Vi skal leite etter fangstanlegg i fjella, dokumentere og tidfeste dei. Så må vi forsøke å fastsette om det var inuittane eller dei norrøne busettarane som stod bak denne fangsten. Her kan kjennskapen vår til fangstminne i det gamle moderlandet vere til god nytte, seier Dahle.

Kulturlandskapet i Kujataa består av fjordar og fjell, med ei god blanding av marginalt jordbruk med vide beiteområde, og store jakt- og fangstmarker. Sjølv om fangsten på Grønland i første rekke har vore retta mot marine pattedyr, har det også vore drive jakt og fangst på villrein i områda langs innlandsisen lengre inne i landet.

Erfaring frå fonnefunn

I tillegg til fangstminne, håpar Dahle å avdekke arkeologiske funn som dukkar opp når gamle snøfonner smeltar i takt med klimaendringane. Dette er eit felt som også Møre og Romdal fylkeskommune har retta merksemda mot. Som det første fylket i landet vedtok Møre og Romsdal ein beredskapsplan for fonnefunn, i 2018.

- Det var i forbindelse med at eg presenterte dette arbeidet på ein konferanse i Bergen at eg vart invitert med i forskingsprosjektet. Målet er å teste ut tilsvarande metodikk på Grønland, seier Dahle, som har erfaring både frå registrering av fangstminne i høgfjellet og frå fonnefunn.

I motsetning til andre funnsituasjonar bidrar isen til å bevare skinn, tekstilar og anna materiale som normalt ville ha rotna bort for lenge sidan. Dette kan potensielt bidra til å seie oss noko meir om kven som stod bak fangsten.

- Det er derfor fonnefunna er ekstra verdifulle. Det er ofte i god stand, og kan gi oss mykje informasjon.

Fakta

  • I 2017 og 18 blei Kujataa tatt opp på UNESCOs liste over verdsarvområde, og grunnforskingsprosjektet Activating Arctic Heritage’, vart sett i gang i forlenginga av dette.
  •   Danmarks og Grønlands Nasjonalmuseum står bak forskingsprosjektet, saman med internasjonale partnarar med blant anna ekspertise innan arktisk arkeologi, naturvitskap og klimaendringar.
  • Prosjektet skal finne svar på desse spørsmåla: Korleis greidde inuittane og norrøne samfunn å handtere ofte dramatiske endringar i levekåra deira i eit lengre perspektiv? Kva tilpassingar måtte dei gjere og kva strategiar brukte dei for å møte klima- og miljøendringar, svingane ressurstilgang og store økonomiske og politiske endringar dei siste tusen åra?
  • Austerbygd, som vart grunnlagt av Eirik Raude i seint Vikingtid, utvikla seg gjennom Middelalderen til ein større tettstad med gardar, kyrkjer og kloster, og domkyrkje. Bygda vart forlate i byrjinga av 1400-tallet av ukjente grunnar. Inuittane med sin fangskultur tok over området etterpå.
  • Kristoffer Dahle, arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune, held for tida på med ein doktorgrad (PhD) om det tidlege seterbruket i fylket. Han har elles god erfaring frå andre type fjell- og utmarksarkeologi, inkludert fonnefunn og glasialarkeologi.

Dokumenter

Kontakt