Alternativ gjennomføring av skolevaldebattane
Med bakgrunn i den sterkt aukande smitten blant barn og unge vil vi unngå store arrangement og store felles samlingar med elevar. Dette får konsekvensar for gjennomføring av dei planlagde skolevaldebattane og valtorga.
Det er i dag registrert smitte ved fem av dei videregåande skolane våre, og om lag 200 elevar så langt berørt av dette. I perioden etter skolestart har mange elevar og tilsette ved skolane våre vore til testing etter smitteutbrot i nære relasjonar. Vi registrerer også at det har vore store smitteutbrot på andre videregåande skolar i andre deler av landet etter sommarferien. Etter vedtak frå lokale helsemyndigheiter er skolane i Ålesund på gult nivå.
Kommunar rapporterer om utfordringar med testing og smittesporing, og etter ei total vurdering vil fylkeskommunen ikkje gjennomføre arrangement som kan medføre større press på dei lokale smittevernteama.
Med bakgrunn i dette har fylkeskommunedirektøren bestemt at valdebattar og valtorg i samband med skolevalet 2021 ikkje skal gjennomførast med fysisk samling av alle elevar, slik det til no har vore planlagt. Det lagt opp til ei alternativ gjennomføring med paneldebatt, der eit utval av elevane får delta fysisk, medan resten av elevane følgjer debattane frå klasserommet jf. Veileder smitteverntiltak for skolevalget 2021. Valdebattane vil vere på tre av skolane våre, og dei andre skolane er invitert til å delta digitalt. Elevane vil få høve til å sende inn spørsmål i forkant av debattane.
Debattane vert gjennomført slik:
- Molde videregående skole 1. september kl. 09.00.
- Fagerlia/Ålesund videregående skole 6. september kl 12.15.
- Braatthallen (Kristiansund/Atlanten videregående skoler) 7. september kl. 09.00