11,9 mill. i støtte til samarbeid om arbeidsinkludering

Eit samarbeidsprosjekt om arbeidsinkludering av innvandrarar har fått 11,9 millionar kroner i støtte frå Forskingsrådet. Møre og Romsdal fylkeskommune er ein av seks deltakarar.

Skriv ut

Prosjektet har fått namnet MW Inc.-prosjektet, som står for «Migrant Work Inclusion - co-creating joint opportunities through employment and entrepreneurship», og handler on´m inkludering av ikke-vestlige innvandrere i norsk samfunnsliv gjennom arbeid. Deltakarane i prosjektet er:

  • Universitetet i Sørøst-Norge (USN)
  • NHO Vestfold og Telemark
  • NAV Vestfold og Telemark
  • NAV Øst-viken
  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Vestfold og Telemark fylkeskommune

Deltakarane skal bidra med auka kunnskap om utfordringar og moglegheiter for samskaping mellom migrantar, arbeidsgivarar og støtteprogramma for å få fleire innvandrarar i arbeid.

Arbeid er viktig for økonomien i hushaldningane, og er grunnleggande for verdiskapning i ein berekraftig velferdsstat. Eit meiningsfylt arbeid styrkar kvar og ein sin kompetanse, tilhøyre, nettverk, psykiske og fysiske helse. Arbeid har også ein positiv effekt på samhald, tillit og solidaritet i samfunnet.

Dei ulike aktørane i kva vi kallar arbeidslivet sitt økosystem, opererer ofte kvar for seg. I prosjektet skal dei samskape.

Deltakarane i prosjektet vil utvikle metodisk-, teoretisk- og praksis-kunnskap for å utvikle og støtte innovasjon i lokalt og regionalt arbeid med inkludering. Resultata vil danne grunnlag for ei ny forståing og ny praksis for betre inkludering av innvandrarar i arbeidslivet.

På vegner av regjeringa investerer Forskingsrådet 11,4 milliardar kroner i året i forskings- og innovasjonsprosjekt. Oppgåva er å sikre at dei beste forskings- og innovasjonsprosjekta får finansiering, ifølge Forskingsrådet sine nettsider.

Snarvegar

Kontakt