Webinar: berekraft i plan- og styringsprosessar
Digitalt
Prosjektet Berekraftfylket Møre og Romsdal arrangerer ei webinar- og workshoprekke om berekraft i plan- og styringsprosessar. I dette webinaret skal vi lære meir om forholdet mellom berekraftsmåla og berekraftsdimensjonane.
Agenda:
- Korleis forstå forholdet mellom dei tre berekraftsdimensjonane?
- Berekraftsdimensjonane i den praktiske politikken – erfaringar frå forskingsarbeid i Molde kommune
- E-læringskurs om berekraft
- Berekraftssjekken - et verktøy utvikla av Viken FK
Det blir innlegg frå Rita Nerland, offentleg sektor PhD-kandidat i Molde kommune, og Hans Olav Gammelsrud, Viken FK.
Møtet er opent for alle. Har de erfaringar knytt til dette de vil dele? Ta gjerne kontakt.
Klikk her for å bli med på webinaret.
Bakgrunn
Berekraftfylket Møre og Romsdal har som mål å bygge eit lærande fellesskap mellom kommunane i Møre og Romsdal som styrker heilskapleg og integrert berekraftsarbeid i plan- og styringsprosessar. I 2023 kjem vi til å arrangere ei rekke webinarar og workshops for å styrke kompetanse og kunnskap om dette. Du finn meir info om alle arrangementa på nettsida til fylkeskommunen.