Innspelsmøte ny kunstnarmelding

15/08 2022 10:30 - 14:30
Storyville på kulturhuset Plassen, Molde
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til eit innspelsmøte i samband med Regjeringa si komande kunstnarmelding. 

Kultur- og likestillingsdepartementet har gjenopptatt meldingsarbeidet, og fylkeskommunane er invitert til å gi innspel i prosessen.  

Vi ønsker samhandling for å skape eit godt innhald til det fylkeskommunale innspelet. 

Målgruppe:  

  • Regionale kunst- og kulturmiljø som produserer, utviklar og er engasjert i profesjonell kunst innan alle kunstuttrykk. Eksempel på dette er regionmuséa, teater, opera, festivalar med regional forankring, regionale kompetansearbeidsplassar.
  • Kommunar 
  • Regionale interesseorganisasjonar som omfattar profesjonell kunst/kunstnarar 

 

Målet for regjeringa bygger på Hurdalsplattformen sitt ønske om tilrettelegging for fleire kulturarbeidsplassar og kompetansemiljø over heile landet. 

Kva skal til for at profesjonelle kunstnarar ønsker å etablere seg utanfor dei største byane? Og kva blir krevd av ulike kompetansemiljø, som for eksempel arrangørar og visningsstader, for å nå dette målet?  

Kultur- og likestillingsdepartementet er elles oppteken av at arbeidet med meldinga inkluderar innspel frå aktørane generelt, og du kan lese meir om dette her: https://www.regjeringen.no/no/tema/kultur-idrett-og-frivillighet/innsiktsartikler/om-arbeidet-med-ny-kunstnermelding/id2912820/  

 

Møteforma vil vere fellesøkter og verkstader. 

Det vil bli servert lunsj. 

Frist for påmelding er 11.august.

Kontakt