Digitalt innspelsmøte for frivillige aktørar

30/05 2022 18:00 - 20:00
Microsoft Teams
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer frivillige organisasjonar av ulike typar til innspelsmøte i samband med ny fylkesstrategi for klima, miljø og energi. 

Møre og Romsdal har ein fylkesplan som er ein overordna plan for samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Planen skal gi fylkeskommunen, kommunale og regionale styresmakter, næringsliv, institusjonar og organisasjonar i fylket eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag. Planen skal også bidra til godt samarbeid og samhandling i fylket. I  fylkesplanen har fylket vårt satt seg som langsiktig utviklingsmål å bli miljøfylke nr. 1. Fylkesplanen blir utdjupa gjennom ei rekke fylkesstrategiar som følgjer opp fylkesplanmåla. 

No har fylkeskommunen satt i gang arbeid med å lage ein ny fylkesstrategi for miljø, klima og energi. Fylkesstrategien skal bidra til å nå fylkesplanmåla . Dette inneber ei brei samfunnsendring der vi mellom anna tek vare på naturmangfaldet, reduserer klimagassutsleppa, går over til fornybare energikjelder og tilpassar oss til dagens og framtida sitt klima gjennom å gjere samfunnet klimarobust. Denne omstillinga gjeld heile samfunnet; innbyggjarar, næringsliv, kulturinstitusjonar, lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommunen.

I arbeidet med fylkesstrategien er det behov for medverknad og vi inviterar derfor frivillige lag og organisasjonar til innspelsmøte 30. mai. 

Frist for påmelding er mandag 23. mai. 

Påmeldingsskjema