Mrfylke.no
Hopp til innhold
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Bibliotekprisen til Eivind Hasle

Eivind Hasle
Eivind Hasle ved Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke er tildelt "Bibliotekprisen i Møre og Romsdal" for 2007.
Hasle får prisen for sin store innsats og langvarige engasjement for skolebiblioteka i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal.
 
Eivind Hasle har sidan 1989 hatt særskilt ansvar for utvikling av skolebiblioteka ved dei vidaregåande skulane i fylket, og gjort ein formidabel innsats på dette området. Han har sett dei viktige samanhengane og skolane sitt ansvar for bibliotektenester, jobba for saka på fleire plan og i det heile vist eit stort personleg engasjement.
Hasle har jobba bevisst for å få med skolebiblioteka i planar og strategiar i fylket, talt biblioteka si sak i ulike faglege fora i utdanningssektoren og ikkje minst vore eit viktig bindeledd direkte til dei bibliotektilsette ved skolane. 
Gjennom dette arbeidet har han vore ei viktig drivkraft for store satsingar på dette området i Møre og Romsdal, både planmessige opplæringstiltak og no den store satsinga på nytt og samordna biblioteksystem for dei vidaregåande skulane.
 
For fylkesbiblioteket har Hasle vore ein viktig samarbeidspartnar i den felles satsinga på å sikre betre skolebibliotek, og innsatsen hans er også i tråd med strategiane til Norsk bibliotekforening og deira satsing "Skolebibliotekløftet".
 
Bibliotekprisen blir delt ut kvart år av Norsk bibliotekforening, avd. Møre og Romsdal og Fylkesbiblioteket i fellesskap. Både bibliotek som har utmerka seg særleg eller enkeltpersonar som har gjort ein særskilt innsats for biblioteksaka i fylket kan bli tidelt prisen.
 
Eivind Hasle med bibliotekprisen 2007
 
BILDET: Eivind Hasle med bibliotekprisen 2007. Prisen i år er eit bilde av Ørnulf Opdahl med tittelen "Glimt".  (foto: Ellen Kristine Molvær)
 
 
"Bibliotekprisen i Møre og Romsdal" for 2007 blir delt ut i samband med bibliotekforeninga og fylkesbiblioteket sitt temamøte "Nytt på nett", som blir halde på Høgskolen i Molde onsdag 17.10
 
 
Kontaktperson:
Fylkesbibliotekar Ellen Kristin Molvær – mob: 920 87 793
(17.10.2007 Oppdatert: 19.10.2007)

Hopp til menyen Hopp til innhold
Møre og Romsdal fylkeskommune – Fylkeshuset, Julsundvegen 9, 6404 Molde
  Tlf: 71 25 80 00  -  Faks: 71 25 87 21  -  E-post: post@mrfylke.no